Sjukepleiar, Helsefagarbeidar, Heimehjelp ved Austevoll po senter og Heimetenesta
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar, Helsefagarbeidar, Heimehjelp ved Austevoll po senter og Heimetenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. oktober
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Har du studielån? Då kan du få redusert utdanningsgjeld i tråd med regjeringa sitt statsbudsjett for 2025 - ein fantastisk moglegheit for deg som ønskjer å bu og arbeide her!
Om stillinga
Vi har ledig
Vikariat i 100% stilling som Sjukepleiar kombinert Natt/Heimetenesta. Ledig frå 08.12.25 til 31.12.26, med mogelegheit for fast stilling.
Vikariat i 100% stilling som Sjukepleiar kombinert Natt/Sjukeheimen. Ledig frå 05.01.2026 til 31.12.2026, med mogelegheit for fast stilling.
100% fast stilling som Helsefagarbeidar på spesialavdeling med langhelg kvar fjerde helg. Ledig frå 08.12.2025.
80% fast stilling som Helsefagarbeidar på spesialavdeling med langhelg kvar fjerde helg. Ledig frå 08.12.2025.
75% fast stilling i Praktisk bistand (Heimehjelp) i Austevoll Heimeteneste. Ledig snarast.
Austevoll kommune er under omstilling. Arbeids- og ansvarsområde kan derfor bli endra.
Ansvar og arbeidsoppgåver
For Sjukepleiar vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere å gje pasientane trygg og fagleg forsvarleg pleie og behandling.
For Helsefagarbeidar vil arbeidsoppgåvene vere varierte , med pleie og omsorg for bebuarane som hovudoppgåve.
For Heimehjelp vil arbeidsoppgåvene vere innan praktisk hjelp i heimane til brukarar av Heimetenesta.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:- Off. godkjent sjukepleiar
- Off. godkjent helsefagarbeidar.
- Gyldig politiattest
- Førarkort
Personlege eigenskapar:
- Det er ein føresetnad at søkjar likar å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet Profil.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3592e7ea-c189-4d74-83fd-c021104ddcb6
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264077