Head of ERP & BI
Ulstein Verft AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Head of ERP & BI
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 4. november
Brenn du for teknologi, prosessforbetring og smarte løysingar? Har du erfaring med Microsoft Dynamics 365 FO, PowerBI, eller kanskje begge - og likar å bruke verktøya til å forenkle kvardagen for andre? Då kan dette vere stillinga for deg!
I Ulstein jobbar vi målretta for å modernisere og effektivisere arbeidsprosessane våre, og vi treng fleire dyktige folk med på laget. Vi søkjer ein Head of ERP & BI som vil vere med å utvikle og støtte digitale løysingar som gir betre innsikt, auka automatisering og betre samhandling på tvers av organisasjonen.
Du vil arbeide tett med Business Applications teamet, IT, prosesseigarar og Key Users innan dei ulike fagområda. Oppgåvene vil variere frå dagleg problemløysing saman med Key Users til interne forbetringsprosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Operativt ansvar for Dynamics 365 FO
- Dialog og problemløysing saman med Key Users
- Forbetring og vidareutvikling av prosessar i Dynamics 365 FO og PowerBI
- Utvikling og vedlikehald av PowerBI rapportar
- Koordinering og leiing av interne digitaliserings- og forbetringsprosjekt
Kvalifikasjonar og erfaring
- Erfaring med Dynamics 365 FO og PowerBI eller tilsvarande system
- Høgare relevant utdanning
- Erfaring frå implementering og drift av forretningssystem
Personlege eigenskapar
Du vil sannsynlegvis lukkast i stillinga dersom du er
- Analytisk og strukturert, slik at du har god kontroll over tidsfristar og leveransar
- God til å sjå samanheng mellom tal, prosessar og forretningsmål - for å skape verdi for organisasjonen
- Kunnskapsorientert, deler villig av dine erfaringar og held fokus på teknologisk utvikling
- Fokusert på god kommunikasjon og samarbeid, slik at du lukkast i møte med tverrfaglege team
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein Verft byr på utfordrande og variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar, og fleksitidsavtale for våre tilsette.
Vi tilbyr moglegheit til å jobbe med ny teknologi og eit godt fagleg miljø med høve til personleg utvikling. I denne rolla vil du kunne vere ein nøkkelperson i interne digitale- og forbetringsprosjekt, og kan utvikle deg innan digitalisering og prosessutvikling.
Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.
Kontaktinformasjon
Rakel Skram Aasen, Business Applications Manager & Project Manager PLM, 907 91 139, rakel.aasen@ulstein.comArbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 5026190730
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Rakel Skram Aasen
Business Applications Manager & Project Manager PLM
907 91 139
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
35489167-cc1c-43e4-828d-4415fb2fdf6a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6cfa340342d746cd85052baa2417a43e