Hopp til innhold

Prosjektleiar formidlingsarbeid

Arbeidsgiver

Rådgjevar [raadgjevar], Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta]

Sted

Holmegata 14, 6153 Ørsta

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Prosjektleiar formidlingsarbeid
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Ørsta vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert prosjektleiar til eit tidsavgrensa utviklingsprosjekt finansiert gjennom Samfunnskontrakten for fleire læreplassar.  Prosjektet varer til juli 2029. 

Søre Sunnmøre har eit variert og framtidsretta arbeidsliv med stort behov for dyktige fagarbeidarar. Samstundes veit vi at gode overgangar mellom ungdomsskule, vidaregåande opplæring og arbeidsliv er avgjerande for at fleire ungdomar skal finne rett utdanningsveg, få læreplass og fullføre fag- og yrkesopplæringa. Målet med prosjektet er å utvikle ein meir heilskapleg modell for karriererettleiing og overgangsarbeid frå 8. trinn og fram til fagbrev. Gjennom å styrkje samanhengen mellom skule og arbeidsliv vil vi at fleire elevar tek gode utdanningsval, blir kvalifiserte for læreplass og får ein god overgang til arbeidslivet. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i utvikling av framtidas yrkesfaglege opplæring på Søre Sunnmøre, og skal vere med å lage system for å bidra til at rett elev finn rett plass i skulen og seinare læreplass i arbeidslivet. Stillinga vil vere sentral i utviklinga av skulen sitt formidlingsarbeid. Prosjektleiar vil fungere som eit bindeledd mellom ungdomsskular, vidaregåande skule, bedrifter, kommunale arbeidsplassar, opplæringskontor og Opplæring i bedrift. 


Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar skal du:

  • utvikle og koordinere ei samanhengande karriereløype frå 8. trinn til fagbrev
  • skape tettare samarbeid mellom ungdomsskular, vidaregåande skule, arbeidsplassar og opplæringskontor
  • bidra til å vidareutvikle skulen sitt arbeid med karriererettleiing og overgangar mellom dei ulike opplæringsarenaene
  • lage system for arbeidet med å få fleire elevar kvalifiserte til læreplass
  • vidareutvikle faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) som den viktigaste arenaen for kvalifisering til læreplass, i samarbeid med faglærarar på skulen
  • ta ansvar for utviklinga av lokale læreplanar i YFF-faget, i samarbeid med skule og arbeidsliv
  • bidra inn mot planlegging og gjennomføring av Karrieredagar, Open dag, Hospitering, foreldremøte og andre tiltak i karriereløypa
  • bidra til kompetanseheving for lærarar, bedrifter og føresette om yrkesfaglege karrierevegar
  • utvikle møteplassar for lærlingar, lærekandidatar og bedrifter
  • arbeide aktivt for inkludering, mangfald og gode overgangar for elevar som treng ekstra støtte
  • sikre framdrift, evaluering og rapportering i prosjektet

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

  • erfaring frå opplæring, karriererettleiing, fag- og yrkesopplæring
  • erfaring med utviklings- eller prosjektarbeid
  • god forståing for samanhengen mellom utdanning, kompetansebehov og arbeidsliv
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • undervisningskompetanse innan eitt av programområda skulen tilbyr er ønskeleg

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er initiativrik og utviklingsorientert
  • bygger gode relasjonar og skaper engasjement
  • arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
  • har evne til å få ulike aktørar til å arbeide mot felles mål
  • trivast med både strategisk utviklingsarbeid og operativ oppfølging
  • har tru på at gode samarbeid gir fleire ungdomar moglegheit til å lukkast

    Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • ei innhaldsrik og samfunnsviktig stilling med stor påverknadskraft
  • høve til å forme framtidas samarbeid mellom skule og arbeidsliv på Søre Sunnmøre
  • deltaking i utvikling av nye modellar for karriererettleiing, kvalifisering og formidling til læreplass
  • samarbeid med engasjerte fagmiljø innan utdanning, næringsliv og offentleg sektor
  • løn etter avtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • spennande utviklingsperiode for Ørsta vidaregåande skule, på vegen mot ny lokalisering i Ørsta kultur- og kompetansesenter

 

 

Kontaktinformasjon

Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491
Anne Marit Bae, Avdelingsleiar HO, 48126285

Arbeidsstad

Holmegata 14
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5196108171
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.07.2029
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Anne Marit Bae

Avdelingsleiar HO

48126285

Bjørnar Sæterås

Rektor

+47 47344491

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Om skulen (orsta.vgs.no)
Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.

Vi er rundt 350 elevar, 50 vaksne deltakarar knytt til ressursenter for vaksne deltakarar og eit 80-tals tilsette fordelt på fem utdanningsprogram:

Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

351e0fde-ae35-41ec-80d7-f1df4f66c492

Sist endret

30. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d012650e6fc943e3859c49c33246c180

Lignende annonser

Laster lignende annonser