Hopp til innhold

Bli med i Tussa IKT og jobb med informasjonssikkerheit!

Arbeidsgiver

Tussa IKT

Sted

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda, 6160 Hovdebygda

Om jobben

Stillingstittel
Seniorrådgjevar/rådgjevar informasjonssikkerheit
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

Hos oss får du:

Som seniorrådgjevar/rådgjevar informasjonssikkerheit i Tussa får du vere med og forme eit fagområde i utvikling. Du blir ein viktig del av fagmiljøet vårt, samstundes som du får sterk påverknad på korleis vi vidareutviklar Tussa IRT (Incident Response Team) og dei kunderetta sikkerheitstenestene våre.

Du får:
  • Varierte oppgåver innan informasjonssikkerheit, beredskap og rådgjeving

  • Jobbe tett med dyktige kollegaer og kundar

  • Fagleg utvikling og høve til å byggje vidare på kompetansen din

  • Stor grad av sjølvstende og tillit i arbeidskvardagen

  • Dokumentert godt arbeidsmiljø

  • Ta del i Tussa sine mange velferdsordningar, som t.d. treningstilbod, lån av hytter, kunstklubb og sosiale arrangement

  • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga:

Vil du hjelpe kundane våre med å førebygge, handtere og lære av digitale sikkerheitshendingar?

Vi styrkjer satsinga vår innan informasjonssikkerheit, beredskap og sikkerheitsleiing og ser etter ein rådgjevar som kan kombinere fagleg tyngde med praktisk og kunderetta arbeid.

I denne rolla får du ei sentral oppgåve i å vidareutvikle beredskapsarbeidet vårt og leie det operative arbeidet i Tussa IRT (Incident Response Team). Samstundes skal du arbeide tett med kundane våre med rådgjeving innan sikkerheitsleiing, risikostyring og ISMS.

Nokre av arbeidsoppgåvene vil vere:
  • Operativt ansvar for Tussa IRT og bidra til å utvikle teamet gjennom trening, øvingar, metodikk og gode verktøy

  • Beredskapsarbeid og beredskapsøvingar for kundar

  • Støtte kundar ved sikkerheitshendingar

  • Gi råd om sikkerheitsleiing og risikostyring

  • Arbeide tett med leiarar og avgjerdstakarar hos kundane våre

  • Bidra med fagleg støtte i kundedialogar og sal av sikkerheitstenester

  • Bidra til å vidareutvikle tenestene våre innan informasjonssikkerheit og beredskap

Kvalifikasjonar:

Vi ser etter deg som har kompetanse og erfaring innan eitt eller fleire av desse områda:

  • Sikkerheitsleiing, beredskap og handtering av hendingar

  • IT-sikkerheit og sikring av IT-miljø

  • Kompetanse innan sikring av Microsoft-skymiljø er ein fordel. Det same gjeld god forståing for kunstig intelligens

    Personlege eigenskapar vert vektlagt.

For å lukkast i rolla trur vi at du:

Dette er ei rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom teknologi, sikkerheit, beredskap og menneske.

  • Trivst med å arbeide ute hos kundar

  • Kommuniserer godt med både tekniske fagmiljø og leiarar

  • Har evne til å gjere kompliserte sikkerheitsproblem forståelege og handterbare

  • Arbeider sjølvstendig og tek ansvar for framdrift, men likar samstundes å samarbeide og dele kompetanse

  • Er strukturert og god til å planleggje og prioritere

  • Skaper tillit og byggjer gode relasjonar

  • Held hovudet kaldt når situasjonen krev raske og gode vurderingar

Om bedriften

Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med om lag 330 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.

Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 115 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet.

Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. Selskapet er ISO 27001-sertifisert, ISO 14001-sertifisert og er Microsoft AI Cloud Partner.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

34a6ed1e-c31f-45a7-a019-ba08fe54599a

Sist endret

16. november 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

480825740

Lignende annonser

Laster lignende annonser