100% vikariat som helsefagarbeidar med langvakter ved Tenester for funksjonshemma, Kinsarvik
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Om oss:
Broto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Me driftar og eit avlastningstilbod, dagtilbod og eit 2 til 1 tilbod i eigen tilrettelagt bustad.
Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og
opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv
arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt. Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.Me søker etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe i team med faglege utfordringar. Me yter tenester personar med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande. Me treng no helsefagarbeider i eit 6 månaders
vikariat med moglegheit for forlenging. Me søker primært etter helsefagarbeider, men andre med erfaring og interesse for faget og brukargruppa kan bli vurderte.
Vikariatet er ledig frå dags dato. Det varer i 6 måneder med moglegheit for forlenging.
Hovedarbeidsoppgåver:
- Bistå brukerane slik at dei opplever ein meiningsfull kvardag med meistring og utvikling
- Målretta og strukturert miljøarbeid
- Samarbeide i team på tenestestaden, og mot andre einingar
- Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver
- Yte tenester etter gjeldande vedtak
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Veiledning
- Legemiddelhandtering
- Samarbeid med pårørande
Me arbeider aktivt med å førebyggje utfordrande åtferd. For å klare det, og for å oppnå størst mogleg sjølvstende for brukarane, vektlegges strukturerte dagsplanar og arbeidsoppgåver. Det kreves difor at du er strukturert og klarar å arbeide etter fastsatte
rutinar. Arbeidsdagen kan vere av ein slik karakter at det kan opplevast fysisk og psykisk utfordrande.
Me ser etter deg som:
- Kan arbeide sjølvstendig og i team
- Er fleksibel og positiv til endringar
- Liker å være i fysisk aktivitet
- Gjerne musikalske ferdigheter
- Er ansvarsfull, tek eigarskap til jobben og har god gjennomføringsevne.
- Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa, vert tillagt stor vekt. Du må vere personleg skikka til stillinga.
- Du må og ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg
Me tilbyr
- Ein spennande og lærerik jobb
- Opplæring og rettleiing i eit godt arbeidsmiljø
- Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
- Arbeid i turnus med langvakter og arbeid kvar fjerde helg
- Lønn etter hovudtariffavtalen
- Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3473103f-ab76-4567-a5f7-6208dead4152
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3534249_193155_nn