Helsesekretær og sekretær - faste stillingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ledige faste stillingar for Helsesekretærar og sekretærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:
- Lungeavdelinga
- Kreftklinikken, Seksjon kontor
- Øyane DPS
- Laboratorieklinikken, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Arbeidsoppgåver
Lungeavdelinga
Vil du vere med og løfte Lungeavdelinga til nye høgder?
Kontorfagleg gruppe ved Lungeavdelinga består av 13 dyktige medarbeidarar som brenn for å gi våre lungesjuke pasientar eit godt møte med sjukehuset. Vi er sjølve navet i heile avdelinga, då vi jobbar tett på både pasientar og faggrupper og har ei sentral rolle i den daglege drifta. Arbeidskvardagen vår er prega av samarbeid, struktur og høg fagleg kvalitet.
Vi ser etter deg som har blikk for logistikk og god flyt i arbeidsprosessar, og som trivst med IKT-system og ønskjer å bidra til utvikling av digitale løysingar. Du er fleksibel, tek initiativ og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø med godt humør. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde, og helsefagleg bakgrunn er ein fordel, men ikkje eit krav.
Stillinga inneber varierte og meiningsfulle oppgåver som timekoordinering, pasientadministrasjon, telefonbetening og resepsjonsarbeid. Du vil samarbeide tett med ulike faggrupper i eit travelt og fagleg sterkt miljø, og møte pasientar i krevjande situasjonar med tryggleik og respekt. Vi ser etter ein kollega som tek ansvar i kvardagen, kommuniserer tydeleg og trivst med både pasientkontakt og samarbeid med kollegaer.
Er du vår nye kollega ved Lungepoliklinikken? Då håpar vi du søkjer!
Kontakt: Kirsten Nøttingnes, tlf. 900 82 756.
Kreftklinikken, Seksjon kontor
Vi søkjer ein helsesekretær som tek ansvar i kvardagen og trivst med både pasientkontakt og samarbeid med kollegaer. Du møter menneske i krevjande situasjonar med tryggleik og respekt, jobbar strukturert og kommuniserer tydeleg. Arbeidsoppgåvene inkluderer timekoordinering, pasientadministrasjon, telefonbetening og resepsjonsarbeid, med moglegheit for blodprøvetaking på sikt. Vi ser etter deg som bidreg til ein ryddig og effektiv arbeidsdag, er fleksible og tek ting på strak arm og spreier godt humør i det dyktige og trivelege teamet vårt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Arbeidstid: 08:00-15:30 med enkelte seinvakter 10:30-18:00.
Kontakt: May Frida Bosch, tlf. 95916782.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Øyane DPS
Serviceseksjonen ved Øyane DPS søkjer ny medarbeider. Siden seksjonen vår er liten, må ein vera innstilt på å læra seg/arbeide med alle kontorfaglege oppgåver som kjem vår veg. Vi ønsker å ta godt imot pasientene på telefon og i luken, vi har sentrale oppgåver knytta til kvalitet og pasientsikkerhet. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi ønsker deg som bidrar godt i arbeidsmiljøet, beholder roen når det koker, elsker DIPS, og er løysingsorientert. Vi gler oss til å lesa din søknad!
Kontakt: Sigrid-Marie Mikkelsen, tlf. 56326641.
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av åtte einingar organisert under Laboratorieklinikken. Vi utfører årlig om lag 8.5 millionar analyser innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Arbeidet frå store automatiserte instrument med store prøvemengder til manuelle metoder med få og tidkrevande analyser. Avdelinga har ledig stilling som autorisert helsesekretær med varierte arbeidsoppgaver. Stillinga passer for deg som har erfaring i blodprøvetaking, som trivst med pasientkontakt og er opptatt av kvalitet. Vi søker deg som er ein lagspelar, og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølstende er viktig for oss - personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kontakt: Anne Grete Aune, tlf. 55973091 eller Ingunn Børø tlf, 55977882.
- Pasientadministrative oppgaver
- Telefon/resepsjonsteneste
- Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
- Økonomisk oppgjer
- Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
- Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
- Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
- Du må ha gode IKT-kunnskapar
- Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
- Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktigheit
- Serviceinnstilling
- Fleksibel og evne til å ta utfordringar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5029882550
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Cathrine Fauske Haferkamp
Seksjonsleiar
99426755
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
34463c2e-50f6-4ad7-88cd-03733421fdac
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ce69ca31b4cc4b52ad8c924466f89022
Lignende annonser
Autorisert Helsesekretær
Arbeidsgiver
Helse Pluss Legesenter AS
Sted
Bergen
Helsesekretær med fagansvar ved ny prøvetakingsenhet på Nesttun
Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Sted
Nesttun
Tannhelsesekretær (fleire vikariat)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen