Hopp til innhold

Tilkallingsvikar barnehage

Arbeidsgiver

Hjartdal kommune Oppvekst og kultur

Sted

Saulandsvegen 414, 3692 Sauland

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar – barnehagelærer/fagarbeider/assistent
Type ansettelse
Annet, deltid 20%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. desember

Vi har behov for ringevikarar! Har du kjennskap til barnehage, er under utdanning eller  kunne tenke deg ein midlertidig stilling?

 

Dette tilbyr vi deg:

Gode folk rundt deg.
Glade barn og engasjerte kollegaer møter du kvar dag på jobb hos oss.

Hjartdal kommune har tre barnehagar. Tuddal, Hjartdal og Sauland barnehage som har eit tett fagleg samarbeid og byr på kvar sine kvaliteter med sine lokale forhald.

 

Visste du forresten at Hjartdal er ein kommune med MOT?

-          MOT til å leve: Vere seg sjølv, leie seg sjølv, ha passion, akseptere at  ein ikkje alltid er bra.

-          MOT til å bry seg: skape godkjensle hos andre, vise respekt, vise kjærleik, vise omsorg for dei som er utanfor.

-          MOT til å seie nei: prioritere, stå for eigne verdiar, våge å seie ifrå, praktisere tøff kjærleik.

Vi har ein fin visjon for oppvekst i vår kommune. «Vi trivast, lærer og har MOT til å gå saman.»

Vi trur dette er deg!

Vi trur du er eit varmt menneske
Du legg inn ein innsats for å skape ein god relasjon til born føresette og kollegaer.

Du trivast i eit aktivt miljø.
På skulen kan det bli litt armar og bein. Vi lovar deg mange smil og latter!

Du er fleksibel.
Du er løysingsorientert og har evne til å tilpasse deg alle born 

Dine kvalifikasjonar

  • Godkjent pedagogisk utdanning for arbeid i barnehage
  • Du kan også vere under relevant utdanning og ha føresetnad om å fullføre studiet.
  • Anna relevant utdanning og erfaring vert vurdert indviduelt
  • God skriftleg og munnleg kompetanse.

 

Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! 
 Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar. 

  • Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
  • Politiattest skal visast før tilsetjing.

Så kva seier du? Vil du jobbe hos oss?

No manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!

 Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Karianne Haugan Skårdal

+47 95790597

karianne.haugan@hjartdal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet. Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134. Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap. I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine! Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

342bfeb2-5b98-4575-af65-f77f1cfcf8be

Sist endret

27. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3682595_230967_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser