KI-utviklar
Stab for organisasjon og tenesteutvikling, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde, Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- KI-utviklar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Vi søker etter deg som vil vere med å forme korleis vi bruker kunstig intelligens
Vi treng løysingar som frigjer tid og forenklar kvardagen for tilsette og innbyggarar. Vi ønsker å utvikle sikre og enkle løysingar som gir meir rom for faglege vurderingar og betre samhandling. Du deltek i alle utviklingsfasar frå behovskartlegging til utvikling, testing, implementering og oppfølging. Stillinga har ei viktig rolle med å skape samanheng mellom brukaren og organisasjonen sine behov og krav, og løysingane som skal møte desse.
Stillinga ligg til Stab for organisasjon og tenesteutvikling. Vi er i ferd med å reorganisere vårt digitaliseringsmiljø og søker derfor etter fleire som kan bidra til å styrke dette fagmiljøet. Avdelinga har arbeidsplassar både ved fylkeshuset i Molde, Campus Kristiansund og NMK i Ålesund. Til denne stillinga ønskjer vi primært lokalisering i Molde eller Kristiansund, men med riktig kandidat kan arbeidsstad i Ålesund også vurderast.
Arbeidsoppgåver
Du får jobbe med
- utvikle KI-løysingar frå behov til produksjon i tett samarbeid med fagmiljøa i fylkeskommunen og utviklarmiljø i andre fylkeskommunar
- teknisk utviklingsmiljø, metodikk og verktøykjeder
- prototyping, eksperimentering og rask iterasjon
- utvikling av KI-kompetanse i organisasjonen
- korleis vi brukar kunstig intelligens i offentleg sektor til nytte for innbyggarane og samfunnet
Vi jobbar i Microsoft sitt økosystem, men ønsker i størst mogleg grad å utvikle løysingar som er teknologiuavhengige og fleksible.
Kvalifikasjonar
* Relevant høgare utdanning som til dømes innan datavitskap, informasjonsteknologi, maskinlæring eller tilsvarande.
* Kunnskap om utvikling og integrasjon av KI-løysingar
* God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi vil elles legge vekt på at du
- forstår heile verdikjeda, frå data og modellval til integrasjon og brukaroppleving
- har kunnskap om regelverk og standardar for forsvarleg utvikling av KI-løysingar i offentleg sektor
- har evne til å omsette og formidle komplekse tema på ein enkel måte
- kan nytte og arbeide sjølvstendig med strukturerte og smidige utviklingsmetodar
- har kunnskap om automatisering og datamodellering
- er undersøkande og utfordrar etablerte rutinar og arbeidsprosessar
- samarbeider godt i team og på tvers av fag- og kompetanseområde
Vi tilbyr
- Fleksitid
- Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- Løn etter avtale
- Vi legg til rette for kompetanseutvikling etter behov
Kontaktinformasjon
Kristin Ålmo, Seksjonsleder tjenesteutvikling og digitalisering , 99259198Dagfinn Grønvik, Seksjonsleder IT, 95925924
Dag Lervik, Organisasjonssjef, 95173038
Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5034355992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Dag Lervik
Organisasjonssjef
95173038
Dagfinn Grønvik
Seksjonsleder IT
95925924
Kristin Ålmo
Seksjonsleder tjenesteutvikling og digitalisering
99259198
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til: Stab for organisasjon og tenesteutvikling (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
32787164-3608-4f82-8df1-6cab17aa2348
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
76e1ed37b92244edb998aa485598ab7e
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ansettr
Sted
Ålesund
Fagleder
Arbeidsgiver
Molde kommune Bo- og habiliteringstjenester
Sted
Molde
Rådgivere/seniorrådgivere
Arbeidsgiver
Molde kommune Drift og forvaltning
Sted
Molde