Rådgivar
ReHabiliteringsklinikken/ Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, Helse Bergen HF
Østre Nesttunvegen 2, 5221 Nesttun
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
Stillinga som rådgivar er primært knytta til Regional vurderingseining for rehabilitering (RVE) ved Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak driftsretta. RVE består av eit team på tre faste medarbeidarar og har ansvar for å saksbehandle tilvisingar til private somatiske rehabiliteringsinstitusjonar. Årleg har RVE behandla om lag 4000 tilvisingar. Frå hausten 2025 er det innført ny praksis i Helse Vest, der tilvisingar om behov for spesialisert rehabilitering for pasientar frå sjukehus skal vurderast. Dette medfører ein auke i talet på tilvisingar. Stillinga er mellombels med varigheit ut 2026. Det er venta at behovet for stillinga vil halde fram, og det kan bli aktuelt med fast tilsetjing.
Teamet har tett samarbeid med legespesialistane som vurderar tilvisingane, og med helsepersonell ved rehabiliteringsinstitusjonane i Helse Vest. Andre samarbeids-partnarar er tilvisarar (fastlegar, legar ved sjukehus o.a.), anna personell i kommunane og ved sjukehus, pasientar, pårørande, samt personell ved vurderingseiningar og rehabiliteringsinstitusjonar i landet elles.
Vurderingseininga er ein funksjon ved Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Kompetansesenteret er organisert som ei eining i ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen og held til på Nesttun. Etter planen skal senteret flytte til lokale på Nordås i Fana bydel i løpet av om lag 4 år.
Kompetansesenteret har for tida åtte medarbeidarar i Bergen. Utover Vurderingseininga driv kompetansesenteret med forsking, fagutvikling, nettverksbygging og undervisning innan habilitering og rehabilitering. Senteret er òg tillagt funksjonen Regional koordinerande eining for habilitering og rehabilitering.
Arbeidsoppgåver
- Utføre alle typar oppgåver (digitale) knytt til behandling av tilvisingar, med hovudvekt på oppgåver som krev rehabiliteringsfagleg kompetanse
- Delta i vurdering av tilvisingar i samarbeid med legespesialist
- Ha dialog og løpande utveksling av informasjon med personell ved dei private rehabiliteringsinstitusjonane
- Svare på telefonførespurnader, herunder informere og rettleie pasientar, pårørande og helsepersonell i rehabiliteringsfaglege spørsmål
- Ha ein generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstiltak i helseregionen
- Delta i/ta initiativ til utvikling og forbetring av oppgåveløysing og tenester ved Vurderingseininga
- Delta i vedlikehald av interne retningslinjer
- Andre oppgåvar relatert til vurderingar kan bli aktuelle
- Andre oppgåver relatert til kompetansesenteret elles kan bli aktuelle
Kvalifikasjonar
- Søkarar må ha helsefagleg grunnutdanning, masternivå kan vere ein fordel
- Solid og variert erfaring frå somatisk rehabilitering i kommune eller spesialisthelsetenesta er ein føresetnad
- Interesse for tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg fagleg utvikling
- Ha oppdatert kjennskap til gjeldande føringar og normerande dokumentar innan rehabilitering
- Ha god IKT/digital kompetanse
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg på meget godt nivå
Personlege eigenskapar
- God fagleg vurderingsevne, fleksibel og løysingsorientert, arbeider målretta og strukturert
- Vilje og evne til aktivt å søke meir kunnskap når det er nødvendig
- Vere ansvarsbevisst, fakta- og løysingsorientert
- Ha gode samarbeidsevner, men også kunne arbeide sjølvstendig
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Bidra aktivt/positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Fleksibel ved endring av oppgåver
- Kunne meistre høgt arbeidstempo i periodar
Vi tilbyr
- Ein spennande og variert stilling i eit engasjert og kompetent team/kompetansesenter
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
- Dyktige og hyggelege kollegaer i eit tverrfagleg og aktivt arbeidsmiljø
- Ein viktig og interessant jobb med tett samarbeid med ulike samarbeidspartnarar i kommune- og spesialisthelsetenesta både nasjonalt og regionalt
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for noko fleksibel arbeidstid innanfor normalarbeidsdagen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Vegard Pihl Moen, Seksjonsleiar, 56918542Arbeidsstad
Østre Nesttunvegen 25221 Nesttun
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5043162120
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 07.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Vegard Pihl Moen
Seksjonsleiar
56918542
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3201619f-daa2-4342-a837-189a200f5a58
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d2c897aaead04884a0e2a2f10c02f0f3
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Rettleiar - Nav Askøy
Sted
Kleppestø
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Haugesund, Stord
Arbeidsgiver
Avdeling for syn, hørsel og logopedi, Bergen kommune
Sted
Bergen