Prosjektstilling for stipendiat innan handlingsboren kunnskap
Nordmørsmusea As Hovedkontor
pb 291, 6501 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Stipendiat innan handlingsboren kunnskap
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Nordmørsmusea er eit konsolidert regionsmuseum med ansvar for ivaretaking og utvikling av nordmørsk kulturarv. Vi har 35 tilsette, der seks er næming eller lærling innan tradisjonsbåt/-bygg gjennom næmingeordninga. No ønsker vi å utvikle ei endå betre forståing for denne metoden for opplæring og utvikling av kulturarv, og lyser ut prosjektstilling for stipendiat innan handlingsboren kunnskap.
Vi søker etter deg som
- Er nysgjerrig på korleis handlingsboren kunnskap kan bidra til å vidareutvikle kulturarvområdet og tradisjonshandverket
- Ser musea si rolle som medverkande til å styrke og utvikle kompetanse og kapasitet innan tradisjonshandverk utanfor det tradisjonelle utdanningssystemet
- Vil bidra til å vidareutvikle etablert metode for uformell opplæring i praktiske fag
- Evnar å arbeide praktisk og analytisk
Vi søker ein kandidat til forprosjekt for stipendiatstilling - i inntil 100 % i 3 månadar, med kontorstad Nordmøre. Målet i forprosjektet er å realisere eit doktorgradsprosjekt som del av eit større forsking- og utviklingsarbeid rundt tradisjonshandverk og kulturarv. I Nordmørsmusea er det ytterlegare ein tilsett i stipendiatstilling på geitbåt, samt faggruppe og fagleiar forskning, og du vil bli ein del av dette fagmiljøet.
Om forskings- og utviklingsarbeidet i Nordmørsmusea
Dette arbeidet er eit samarbeid mellom Nordmørsmusea og studieprogramma i kulturminneforvaltning (KULMIN) ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet -- NTNU. FOU-arbeidet har som hovudmål å undersøke handlingsboren kunnskap som metode for opplæring av tradisjonshandverkarar og utvikling av tradisjonelt handverk i eit større natur- og kulturarvperspektiv. Gjennom ei lengre satsing på handlingsboren kunnskap er det avdekka behov for meir kunnskap om metode for opplæring i dette feltet. Det kjem også fram eit behov for å undersøkje dei sektorovergripande samanhengane som kjem fram i handlingsboren kunnskap; materialtilhøve, skogbruk, tradisjonar, verktøy, driftsformer, formidling, mv.
Resultatet av forskninga skal danne grunnlag for vår vidare satsing på området og bidra til auka forståing nasjonalt og internasjonalt av handlingsboren kunnskap som metode. Forskninga vil vere relevant for museum, UH-sektoren, offentlege styresmakter og privat sektor.
Sentrale forskingsspørsmål for doktorgradsprosjektet kan vere:
- Kva er sambandet mellom dei ulike fagfelta relevant for handlingsboren kunnskapsoverføring og kva er det som sikrar eit godt resultat over tid?
- Kva definerer eit godt resultat med tanke på utvikling av tradisjonshandverket som fag og dei tverrliggande fagområda knytt til dette?
- Kva er dei beste og mest effektive metodane for å overføre praktisk kunnskap om tradisjonar og skikkar til nye tradisjonsberarar?
- Kva er koblinga mellom opplæring og utdanning innan kunstfeltet og tradisjonshandverket?
- Korles ser vi på tidsaspektet med tanke på tidleg innsats og langvarig og gjentakande opplæring over tid?
- Korleis kan vi på ulike måtar bruke desse metodane som komplementær til tradisjonell undervisning og akademia, for slik å styrke heile utdannings- og opplæringssektoren frå ung alder?
- Kva er suksesskriteriene for å lukkes med ei berekraftig utvikling og styrking av tradisjonshandverksfaget med tanke på rekruttering, kapasitet og kvalitet?
Leveranse i forprosjektet skal vere
- Prosjektskisse for doktorgradsprosjektet, i tillegg til ei skildring av doktorgradprosjektet si organisering (mentor, prosjektleiar etc.), budsjett og finansieringsplan.
- Forankre prosjektet hos alle relevante samarbeidspartar.
- Etablere samarbeid med relevante utdannings- og forskningsmiljø i Noreg og i internasjonalt.
- Søkje opptak ved NTNU som aktuell gradsgivande institusjon
- I samarbeid med arbeidsgjevar ferdigstille søknad om finansiering frå Forskningsrådets og/eller andre eksterne samarbeidspartar.
Under føresetnad av at stipendiatstillinga vert fullfinansiert, vil forprosjektet leie til tilsetting i ein periode på tre år med rein forskarutdanning. Etter fullført grad er det høve for vidare jobb i Nordmørsmusea. Dette vil bli avklart med kandidaten. Fagleiar bygningsvern, fagleiar forskning og direktør vil vere rettleiarar for deg under forprosjektperioden.
Vi søker deg som har
- hovudfag, mastergrad eller tilsvarande, og oppfyller krava til opptak på relevant doktorgradsprogram
- erfaring med eller interesse for tradisjonsfag, kulturvern, handverk, kunst og kulturarv, pedagogikk, sosiologi m.v.
- er motivert og har potensial for forsking innanfor fagfelt som er relevant for utlysinga
- vil bidra til å styrke kompetansemiljøet i og rundt Nordmørsmusea spesielt og kulturarvområdet generelt
- kan arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap, vere nytenkande og kreativ
- er strukturert, driv deg sjølv og andre framover og har stor arbeidskapasitet
Du vert ansvarleg for utforming av forskingsspørsmåla i forskingsprosjektet i tett samarbeid med Nordmørsmusea. I søknaden må du grunngje kvifor nettopp din fagbakgrunn er viktig for å finne svar innanfor eit eller fleire av dei spørsmåla som forskingsprosjektet stiller. Du skal i tillegg utarbeide ei prosjektskildring på inntil fem (5) sider. Om du er nær ved å levere eller nyleg har levert masteroppgåva di, kan du framleis søke, legg då ved eit utkast av oppgåva di.
Det krevst dokumentert engelskkunnskap, og du må beherske norsk eller eit anna skandinavisk språk. Ditt potensiale for forsking, at du er personleg eigna og har motivasjon for stillinga blir vektlagt. Du må rekne med ein del reiseaktivitet gjennom forprosjektperioden, hovudsakleg innan Nordmørsmusea sitt arbeidsområde.
Vi tilbyr
- eit unikt høve for deg som ønsker å drive grunnforskning inn mot ein etablert praksis og metode, og som har ambisjonar om doktorgrad
- tilgang til tverrfagleg nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt knytt til kulturarv, kulturvern, tradisjonshandverk, opplæring, museumsfag m.v.
- eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- introduksjonsprogram
- gode forsikrings- og pensjonsvilkår (KLP)
- løn etter avtale
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Kontaktperson til stillinga er Eigunn Stav Sætre, og du kan nå ho på eigunn.stav-satre@nordmorsmusea.no eller mobil +47 97 65 42 94.
Søknaden sendes til post@nordmorsmusea.no.
**Søknadsfrist:**01.05.24.
Om bedriften
Nordmørsmusea AS er eit kulturhistorisk museum eigd av kommunar og museumslag i Heim, Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Smøla, Aure, Kristiansund, Averøy, Hustadvika, samt Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har forvaltningsansvar for over 114 bygg fordelt i regionen, ei omfattande gjenstandssamling og eit innhaldsrikt foto- og papirarkiv. Med våre 35 tilsette er vi tilstades i heile regionen og har hovudkontor i Kristiansund.
Svinviks arboret er Nordmørsmusea sin museumshage som ligg ved Todalsfjorden i Surnadal kommune, etablert frå 1940-talet og oppover. Mest kjent er staden for den store samlinga av rododendron med ca. 375 ulike typar. Hagen inneheld også ei stor samling av bartre, stauder og prydbuskar. Eit satsingsområde dei seinare åra har vore å restaurere den store frukthagen, som no inngår i systemet for norske genbankar. Arboretet er eit populært reisemål i sommarsesongen, vi tek imot grupper til omvisingar og servering, og tilbyr ulike formidlingstilbod og arrangement.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2615636
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
31bdd915-c5cc-45da-866b-1d35257864db