Innovasjonspilotar (20 % stillingar) ved Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Innovasjonspilotar (20 % stillingar) ved Universitetet i Bergen
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. september
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wOm stillinga:
Har du lyst til å bidra til meir innovasjon blant studentar ved UiB?
Forskings- og innovasjonsavdelinga lyser ut 2–3 faste deltidsstillingar (20 %) som innovasjonspilotar. Vi ser etter deg som brenn for innovasjon og entreprenørskap, og som har lyst til å inspirere andre studentar til å utforske eigne idear og prosjekt.
Som innovasjonspilot blir du ein viktig bidragsytar i arbeidet med å bygge ein sterk innovasjonskultur blant studentane ved UiB – spesielt ved Det medisinske fakultetet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Fakultetet for naturvitskap og teknologi
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar som fremmer innovasjon og entreprenørskap, og som legg til rette for idéutvikling og kompetansebygging blant studentar – til dømes workshops, idémyldringar og pitchekveldar
- Skape engasjement gjennom sosiale medium og ved å vere fysisk til stades på campus
- Vere rådgivar og støttespelar for studentar som vil utvikle eigne idear og hjelpe dei med å finne rett støtteordning, mentor eller ressurs
- Bidra til at fleire studentprosjekt blir vellukka søknader til finansieringsordningar som UiB idé, STUD-ENT og liknande program.
- Samarbeide med studentorganisasjonar og aktørar i innovasjonsmiljøet, som VIS og GründerCampus
- Delta i drifta av GründerCampus – til dømes gjennom vaktordningar, styrearbeid eller praktisk tilrettelegging av aktivitetar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Stillingane lar seg kombinere med studiar og vi oppmuntrar studentar til å søke
- Erfaring frå studentorganisasjonar eller anna frivillig arbeid
- Du har interesse for innovasjon, entreprenørskap og prosjektarbeid – du treng ikkje vere gründer, men du må vere nysgjerrig
- Du er ein meister i å få med deg andre - både på Instagram og på campus
- Er god til å kommunisere og engasjere både på norsk og engelsk
- Du er initiativrik og handlekraftig
- Du tenkjer kreativt og innovativt
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du har god organisasjonsevne og ein strukturert tilnærming til arbeidsoppgåver
Vi tilbyr:
- Opplæring og støtte frå erfarne innovasjonsrådgivarar
- Ein lærerik og fleksibel deltidsjobb som gir deg verdifull erfaring og nettverk
- Fleksibel arbeidstid som lett kan kombinerast med studiar
- Løn som konsulent (kode 1065) i årslønn kr. 460 700 - 485 000 tilsvarande 100% stilling avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: Dag Hellesund tlf. 91 55 42 99 eller Katrine Utaaker Segadal tlf. 97 08 62 36.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3120b2c8-d0db-4e4b-9f99-213136aca562
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261921