Økonomisjef i Helse Fonna
Avdeling for føretaksøkonomi, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Økonomisjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Kvar dag blir det teke avgjerder i Helse Fonna som påverkar liv og helse for menneske på Vestlandet. Bak trygge pasientforløp og gode behandlingsresultat står òg eit sterkt økonomisk fundament – der rett bruk av ressursane gjer at fleire får den hjelpa dei treng, til rett tid.
Hos oss blir du ein nøkkelperson i arbeidet med å sikre at føretaket nyttar ressursane best mogleg. Du får leie og utvikle eit sterkt fagmiljø med ni dyktige controllarar – og bruke di innsikt til å gjere ein reell forskjell for pasientar, pårørande og samfunn.
Avdelinga for føretaksøkonomi er ein del av økonomiavdelinga, saman med lønn, rekneskap og innkjøp. Vi jobbar tett saman for å sikre god styring, og du får eit nært samarbeid med både toppleiinga og klinikkane i føretaket.
Som økonomisjef i Helse Fonna får du ansvar for å utarbeide grunnlag som støttar gode avgjerder – og du blir ein viktig sparringspartnar for leiarar og andre beslutningstakarar.
Kva går jobben ut på?
I denne rolla vil du blant anna:
- Ha personal og budsjettansvar for avdelingen
- Leie, motivere og utvikle dine medarbeidarar fagleg og personleg
- Planlegge og følge opp budsjett- og rekneskapsprosessen
- Analysere rekneskap og aktivitetar i føretaket
- Førebu saker til direktørgruppen og styret i føretaket
- Bidra til å utvikle gode rutiner og prosesser
- Gi opplæring og råd i organisasjonen
- Delta i regionalt arbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- Høgare utdanning innan økonomi. Mastergrad er ein fordel, men relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- Det er ein fordel om du har erfaring frå leiar- eller rådgjevarrolle
- Gode datakunnskaper
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- Har engasjement og tek initiativ
- Jobbar sjølvstendig og har evne til å sjå samanhenger
- Har god gjennomføring- og leveringsevne
- Ha evne til å prioritere, skape struktur og drive fram resultat
- Blir motivert av å finne løysninger og støtte andre i arbeidet ditt
- Trivst med å samarbeide med andre og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Kommuniserer klart og tydeleg, både munnleg og skriftleg
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ei interessant og utfordrande stilling med stort rom for fagleg og personleg utvikling
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- God og livslang pensjon
Vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at kokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Siren Eldøy Hinderaker, HR direktørSølvi Apeland Rogde, Økonomi- og finansdirektør, +47 41294054
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5009604756
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Sølvi Apeland Rogde
Økonomi- og finansdirektør
+47 41294054
Siren Eldøy Hinderaker
HR direktør
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
30e472b8-916c-4aca-bcf2-8542a6262ecb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
177813b1d520482b8f80618f5d9ab45e