Miljøarbeidar
OPK-AR - Årstad vgs, Vestland fylkeskommune
5054 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar
Oppstart
1. november 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 86%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. oktober
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, i tillegg innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/
Vi har ledig eit vikariat på inntil 86% for miljøarbeidar ut april 2026. Oppstart snarast mogeleg. Det kan vere mogeleg å forlenge vikariatet ut skuleåret 2025/2026. Lågare stillingsprosent kan vere aktuelt til dømes for studentar som ønsker ei deltidsstilling.
Stillinga følgjer skuleåret, noko som betyr ca.86 % stilling.
Arbeidsoppgåver
- Å vere ein tydeleg vaksen i skule- og elevmiljøet
- Motivere elevane til å delta aktivt i opplæringa
- Tilretteleggje for aktivitetar i og etter skuletid
Kvalifikasjonar
- utdanning som barne- og ungdomsarbeidar er ønskeleg
- eller anna relevant utdanning
- erfaring frå organisert ungdomsarbeid er eit føremonn
- studentar vert oppmoda til å søke (stillinga kan delast)
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å ta initiativ og til å arbeide sjølvstendig
- God på relasjonsbygging/ kommunikasjon med ungdom
- Godt tolemod
- Evne til å sjå løysningar
- God på å bygge nettverk
Vi tilbyr
- Stort mangfald i elevgruppa og eit aktivt skulemiljø
- Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø der eleven står i fokus
- Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og i avtaleverk for miljøarbeidarar i Vestland Fylkeskommune
Kontaktinformasjon
Sissel Næsheim Riise, avdelingsleiar, 41104799Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5022799286
Stillingsprosent: 86%
Vikar
Startdato: 01.11.2025
Sluttdato: 30.04.2026
Søknadsfrist: 15.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Sissel Næsheim Riise
avdelingsleiar
41104799
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
305d83f1-e87e-4f78-a465-d7d0424b02f5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f1ee6a0b2be543758651364c8569ccde