Barnevernskonsulent
Barn, familie og helse, Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
Stillingstittel
Barnevernskonsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Er du ein person som likar utfordringar, er strukturert, målretta og god på samarbeid? Kanskje er du på utkikk etter ein krevjande, men spanande og lærerik arbeidskvardag? Vi har ledig fast 100 % stilling som barnevernskonsulent frå 01.09.2024. I tillegg har vi ledig eit vikariat i 100 % stilling frå snarast og t.o.m. 31.03.2025. Oppgi i søknaden dersom du ikkje søkjer begge stillingane.
Barneverntenesta i Giske kommune er organisert i eining Barn, familie og helse. Andre tenester i eininga er helsestasjonen, legetenesta, fysio- og ergoterapitenesta, kommunepsykologen og psykisk helseteam for barn og unge. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenestene i eininga og elles i kommunen, med fokus på barnets beste og tidleg innsats.
Barneverntenesta har kontor på rådhuset på Valderøya med for tida gratis parkering og 10 minutt med bil frå Ålesund. Barnevernstenesta i Giske har 6 tilsette, der avdelingsleiar er næraste overordna og barnevernsleiar i kommunen. Vi har eit høgt fagleg fokus og fleire tilsette i tenesta har gjennomført ulike vidareutdanningar og har sertifisering i foreldrerettleiingsprogramma COS-P og ICDP. Ein legg elles godt til rette for etter- og vidareutdanning samt anna relevant kompetanseutvikling.
Giske kommune deltek i det interkommunale samarbeidet Barnevernvakta for Sunnmøre.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
Attestar og vitnemål skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med saker etter lov om barnevernstenester, t.d. mottak av meldingar, undersøkingssaker, førebyggjande barnevernstiltak og førebuing av fylkesnemndsaker. Det kan òg bli tillagt andre oppgåver.
- Rettleie foreldre, med særleg fokus på å støtte opp om foreldrerolla, styrke samspel og betre kommunikasjon i familiar.
- Samtale med barn, ungdom og foreldre.
- Samarbeid med instansar rundt barna og familiane.
Kvalifikasjonar
- Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, helst barnevernspedagog eller sosionom. Andre med relvant høgskuleutdanning kan også søkje.
- Erfaring frå kommunalt barnevernsarbeid er ønskjeleg.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- God digital kompetanse.
- Det er ønskjeleg med tverrkulturell kompetanse.
- Relevant vidareutdanning er også ønskjeleg.
- Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP.
Personlege eigenskapar
- Du er kreativ og utviklingsorientert.
- Du er engasjert, fagleg trygg, tydelig, fleksibel og løysingsorientert.
- Har god arbeidskapasitet, arbeider strukturert og målretta.
- Interesse for og ønskje om tverrfagleg samarbeid.
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og saman med andre.
- God på kommunikasjon og samhandling.
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Vidar Nytun, Avdelingsleiar barnevern, 41701933Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4814010950
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 03.06.2024
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2653539
- Hentet fra
talentech
- Referanse
173a75ffb51d4c3c948612d8cc6d846f