Hopp til innhold

Rådgjevar for privatkundar på Voss Sparebank sitt kontor i Odda

Arbeidsgiver

VOSS SPAREBANK

Sted

Røldalsvegen 25, 5750 Odda

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar for privatkundar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Frist: Snarast.

Voss Sparebank skal opna kontor i det gamle flotte bankbygget i gågata i Odda. Til dette kontoret søkjer me ein engasjert og relasjonssterk rådgjevar for privatkundar. Dette er ein sjeldan sjanse for deg som gjerne har bakgrunn frå bank, kjenner regionen godt og ynskjer å vere med på å byggje noko nytt frå grunnen av.

Om stillinga

Brenn du for personleg økonomi og gode kundeopplevingar? Kommuniserer du godt med andre menneske? No har du ein sjeldan sjanse til å få jobb i Voss Sparebank sitt nye kontor i Odda som rådgjevar for privatkundar innan kreditt, forsikring og sparing.

Ansvarsområde

  • Arbeida proaktivt for å få inn nye låne- og forsikringskundar.
  • Fylgja opp eige kundeportefølje på telefon, e-post, video og i fysiske møter.
  • Kredittvurdera kundane og gje lån innanfor definerte fullmakter og regelverk.
  • Vera ein økonomisk sparringspartnar for kundane ved å gje råd om sparing, forsikring, pensjon og personleg økonomi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du har eit brennande engasjement for personleg økonomi og kunderelasjonar.
  • Du har arbeidsrøynsle og utdanning som er fagleg relevant.
  • Det er eit pluss om du har autorisasjonar frå FinAut. Om du ikkje har det, må du vera motivert for å gjennomføra autorisasjonsløpet for kreditt, skadeforsikring, livsforsikring og sparing/plassering.
  • Du er truverdig, kompetent og skapar tillit hjå kundane.
  • Du smiler når du kjem på jobb om morgonen, har godt humør og er ein god kollega.
  • Du er oppteken av nøyaktig og godt arbeid, utan at det går ut over effektiviteten.
  • Du ynskjer å skapa resultat og godt omdøme for banken.

Me tilbyr

  • Arbeidsplass i eit nyrenovert og historisk bygg midt i Odda sentrum.
  • Konkurransedyktige vilkår.
  • Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.
  • Mange gode kollegar i Voss Sparebank.

Oppstart og tilsetjing

Planlagt opning av kontoret er sommar/haust 2027. Estimert oppstartstidspunkt for stillinga er i god tid før opning og etter avtale.

Søknad

Er du den me leitar etter? Send inn din søknad saman med CV så snart som mogleg. Me ser fram til å høyre frå deg. Har du nokre spørsmål, kontakt ansvarleg rekrutterar André Bjørkhaug på tlf. 911 79 813 / andre.bjorkhaug@randstad.no

Om bedriften

Voss Sparebank er ein sjølvstendig og lokal sparebank med hovudkontor på Voss. Me samarbeider med 15 andre sparebankar i Lokalbank-samarbeidet. I dag er me 28 tilsette i banken. Me er opptekne av lokalsamfunnet skal vera ein god plass å bu. Banken bidreg til dette med gåver og sponsing. Som tilsett i banken forventar me at også du deler vårt engasjement for lokalsamfunnet og banken.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2eedd21b-0918-474e-9c53-394d997573d2

Sist endret

12. oktober 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

478163294

Lignende annonser

Laster lignende annonser