Ferievikar Heimetenesta sommaren 2025
Osterøy kommune
Familie- og Omsorgssenteret, Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg, Hauge Omsorgsbustad, Osterøytunet 1, 5281 Valestrandsfossen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar Heimetenesta sommaren 2025
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. mai
Om stillinga
Sommaren er ikkje så langt unna, og då treng me ferievikarar som kan gjere sommardagane gode for brukarane våre. Håper du har lyst til å jobbe i lag med oss. Me treng ferievikarar frå midten av juni - ut august.
Her kan du søka dersom du ønsker å vera ferievikar i ein av dei 2 einingane til Heimetenesta:
Heimetenesta - yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på hjelp kan vera hjelp til stell, mattillaging, legemiddelutdeling og liknande. Tilsette utan helsefagleg utdanning utfører og reinhald i heimane.
Hauge Omsorgsbustad - inneheldt 16 leiligheter der bebuarane er heimebuande. Hauge Omsorgsbustad har eige personale og har eit tett samarbeid med Heimetenesta. Her har ein dei same arbeidsoppgåvene som i Heimetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Omsorg til menneske i deira eigen heim
- Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
- Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler
- Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand
- Samarbeid med pårørande
- Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar
Me tilbyr
- Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta
- Ferievikarkurs med introduksjon til fagfeltet som er relevant for brukarane du vil møte hjå oss
- Me har obligatorisk nettbasert kurs om handtering av legemiddel for dei som ikkje har dette frå før. Dette kurset må ein fullføre og bestå før ein tek til i stillinga
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå KLP.
Kvalifikasjonskrav
- Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B1 test i norsk. For sjukepleiarar gjeld krav om bestått B2 test
- Krav om førarkort klasse B i Heimetenesta. I Hauge Omsorgsbustad er dette ikkje eit krav
Anna informasjon
- Du som søkjer må vera over 18 år
- Du må kunne arbeide 4 veker samanhengande mellom veke 26 og 35
- Me vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Om du blir valgt ut vil du bli kontakta direkte av leiar på den aktuelle arbeidsstaden
Om du får tilbod om stillinga må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §5-4. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader
Ved spørsmål om arbeidsstad eller arbeidsoppgåver er du velkomen til å ta kontakt med ein våre avdelingsleiarar. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida. Du er sjølvsagt velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat om du berre ønskjer å vite meir om arbeidet før du eventuelt vel å registrere ein søknad!
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktpersoner for stillingen
Anne Lise Teigland
Avdelingsleiar Hauge Omsorgsbustad
+4740806954
Om bedriften
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens og Forvaltningstenesta.
Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me har kontor i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!
Sektor
Offentlig
Nettsted