Hopp til innhold

Vågaleitet omsorgsteam

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Vågaleitet omsorgsbustad

Sted

Øygarden

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeider 67 % vikariat , våken nattevakt
Type ansettelse
Vikariat, deltid 67%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 4. oktober

 Om avdelinga:

Vågaleitet omsorgsteam yter tenester til menneske med ulike hjelpebehov som bur i eigne bustader. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvbestemmelse, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ei flott og tverrfagleg  samansett personalgruppe beståande av mellom anna vernepleiarar, sjukepleiarar,  helsefagarbeidarar/fagarbeidarar  og assistentar. Vi har no ledig eit vikariat som fagarbeider i 67 % stilling som våken nattevakt.  Stillinga er ledig frå dags dato tom 31.08.2027. Det er stor moglegheit for at  stillinga vert omgjort til fast stilling.

 Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidet er primært knytt opp mot ein brukar med hyppig tilsyn og oppfølging
  • Handtering av akutte hendingar som kan oppstå på natt
  • Arbeid knytt til Helse og omsorgstenestelova kap 9.

 Kvalifikasjonar:

  • Relevant fagbrev
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg egna
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Sertifikat klasse B
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå liknande arbeid
  •  Personlege eigenskapar:

    • Fleksibel
    • Kan jobbe sjølvstendig og er løysingsorientert
    • Gode samarbeidsevnar
    • Strukturert
    • Bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø
    Anna:
  • Turnus har 10 timers vaktar og arbeid kvar 3 helg.
  •  Vi tilbyr:

    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • IA verksemd
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utvikling

      

    Kontakt:

    Avd.leiar Vågaleitet Vivian Kvinge tlf 55 09 68 99 / 41 41 55 21

    Einingsleiar Kristin Straume tlf 99 79 95 26

     

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Vivian Kvinge

    +47 41415521 +47 55097311

    vivian.kvinge@oygarden.kommune.no

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    2df66597-11c5-41f8-9dcb-a0f537d93d0c

    Sist endret

    18. september 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3663209_200601_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser