Hopp til innhold

Bli vår nye resepsjonssjef på Hotell Bondeheimen

Arbeidsgiver

Hotell Bondeheimen AS

Sted

Kristian IVs gate 2, 0164 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Resepsjonssjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Eit hotell med lang historie -- og planar framover

Hotell Bondeheimen har halde til i Kristian IVs gate sidan 1913, eit kvartal frå Karl Johans gate. Hotellet har 145 rom, og på gateplan finn du serveringsstaden vår, Kaffistova, som fyller 125 år i 2026.

Hotellet er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo. Det gir oss ein eigar med langsiktig perspektiv, og eit oppdrag som handlar om meir enn drifta åleine. Vi er frittståande og har ingen kjede i ryggen -- avgjerdene blir tekne i dette huset.

Men tradisjon er ryggrad, ikkje sovepute. Under det gamle taket finn du eit hotell som er godt oppdatert -- på system, på løysingar og på måten vi arbeider.

Gjestene våre er forretningsreisande, turistar frå inn- og utland, og stamgjester som kjem att år etter år. No søkjer vi ein resepsjonssjef som vil vere med på arbeidet framover.

Om stillinga

Resepsjonssjefen har det overordna operative, administrative og faglege ansvaret for resepsjons- og bookingfunksjonen. Stillinga rapporterer til hotelldirektøren og inngår i den operative leiargruppa.

Dette er ei leiarstilling i drift. Vi legg vekt på at du er til stades i front saman med medarbeidarane dine, og på at administrativt arbeid skal vere forankra i det drifta faktisk treng.

Dine viktigaste ansvarsområde
  • Overordna ansvar for kvalitet i resepsjonsdrift og gjestehandtering -- innsjekk, utsjekk og betalingshandtering

  • Personalansvar for resepsjonistar og bookingmedarbeidar

  • Rekruttering, opplæring, vaktplanlegging, bemanning og oppfølging av timeregistrering og fråvær

  • Overordna ansvar for bookingfunksjonen

  • Oppfølging av gjestetilbakemeldingar, omtalar og klager

  • Korrekt bruk av PMS, bookingsystem og betalingsløysingar, og etterleving av personvern, økonomisk kontroll og interne rutinar

  • Budsjett, prognose og resultat innanfor eige ansvarsområde

Dette ønskjer vi av deg

Bondeheimen er eit hus med eigen kultur, bygd opp over lang tid. Du er ein erfaren leiar som framleis er svolten på nye utfordringar -- og som tek deg tid til å forstå huset og folka her før du set ditt eige preg på det.

  • Erfaring som leiar med personalansvar i hotellresepsjon eller tilsvarande serviceverksemd

  • Erfaring med vaktplanlegging, bemanning og oppfølging av medarbeidarar

  • Erfaring med budsjett- og resultatoppfølging innanfor eige ansvarsområde

  • Trygg og sjølvstendig systembruk -- PMS, bookingsystem og betalingsløysingar

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk, og på engelsk

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, utan kjedeapparat å lene seg på

I tillegg set vi pris på
  • Erfaring med systemarbeid og innføring av nye rutinar

  • Erfaring med gruppe- og arrangementsbooking

  • Kjennskap til nynorsk, eller vilje til å bruke nynorsk som arbeidsspråk -- språket er ein del av identiteten vår

Kven du er
  • Du er imøtekommande og tydeleg på same tid

  • Du er til stades der drifta går føre seg, og gjestene veit kven du er

  • Du har fått medarbeidarar til å bli betre enn dei var då dei kom

  • Du held orden i eige hus: rutinar, dokumentasjon og tal

  • Du seier frå når noko ikkje fungerer, i staden for å arbeide rundt det

  • Du har roen når det står på, og humoren når det er rom for det

Vi tilbyr
  • Ei reell leiarstilling med tydeleg mandat og kort veg til den som avgjer

  • Eit hotell med ein posisjon i Oslo, og ein eigar med langsiktig perspektiv

  • Høve til å utvikle drifta, ikkje berre forvalte

  • Eit fagmiljø der du får bruke heile registeret ditt -- frå gjesteoppleving til tal

  • Moderne systemplattform -- vi køyrer Mews som PMS

  • Gode løns- og arbeidsvilkår, pensjonsordning og forsikringar

  • Personalrabattar og treningsordning

Søknad og CV sendast til ole.sandersen@bondeheimen.com.

Søknadene blir handsama fortløpande.

Aktuelle kandidatar må rekne med referansesjekk og dokumentasjon på tidlegare arbeidsforhold.

Vil du vite meir før du søkjer, er du velkommen til å ta ein uforpliktande prat. Ring eller send ein e-post.

Spørsmål om stillinga: Ole Volden-Sandersen, hotelldirektør, 928 67 350

Om bedriften

Hotell Bondeheimen ligg midt i Oslo, eit steinkast frå Karl Johans gate med 145 rom, og Kaffistova på gateplan -- ein av dei mest kjende matstadene i byen, med heimelaga mat sidan 1901.

Vi er kulturhotellet i Oslo. Huset har stått her sidan 1913 og har vore ein del av bylivet i over hundre år. Norsk kultur, mat og handverk er ikkje pynt hos oss -- det er slik vi driv, og det er difor gjester frå heile verda finn vegen hit. Nynorsk er arbeidsspråket vårt.

Hotellet er ein del av Bøndenes Hus AS, eigd av Bondeungdomslaget i Oslo. Same selskapet står bak Heimen Husfliden, midt i Oslo sentrum. Vi er eit sjølvstendig hotell -- avgjerdene blir tekne her. Hotell Bondeheimen er medlem av De Historiske -- Hotel & spisesteder.

Gjestene våre kjem frå heile verda, og frå heile Noreg. Vi har forretningsreisande, turistar og faste gjester som har halde seg til oss i mange år -- og eit hotell som skal vere godt i dag, ikkje berre ha vore det.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2d977308-3219-4f05-bbee-b3b38a9b0aef

Sist endret

20. august 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

473771833

Lignende annonser

Laster lignende annonser