Fast stilling for vernepleiar eller sjukepleiar med relevant videreutdanning.
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge (PBU)/ PBU, Ungdomspost, Helse Bergen HF
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fast 100% stilling for sjukepleiar/ vernepleiar med relevant vidareutdanning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Vi etablerer no eit nytt dagbehandlingstilbod for ungdom og unge vaksne (12-23 år) med alvorleg spiseforstyrringar, og søker etter miljøterapeuter som vil vere med i dette utviklingsarbeidet.
Dagtilbodet er eit samarbeid mellom Psykiatrisk klinikk, regional avdeling for spiseforstyrrelser (RAS) og klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Ungdomspost.
Det er oppretta ein eigen koordinatorstilling som skal koordinere samhandlinga mellom RAS og Ungdomsposten.
Tilbodet er ein del av spesialisthelsetjenesta og rettar seg mot pasientar som allereie er i behandling, men som i ein kortare periode har behov for intensiv dagbehandling i eit strukturert og spesialisert miljø.
Dagbehandlinga bygger på prinsipp i to ulike kunnskapsbaserte metodar: CBT-E (kognitiv åtferdsterapi for spiseforstyrringar) og FBT (familiebasert terapi)
Behandlinga er tverrfaglig, strukturert og intensiv, og omfattar mellom anna måltidsstøtte, familiesamarbeid og samarbeid med lokalt behandlingsteam.
Vi lyser no ut 2 100% faste stillingar for spesialvernepleiar eller spesialsjukepleiar med erfaring med pasientar i behandling av spiseforstyrringar.
Denne utlysninga gjeld stillingar ved dageininga knytta til Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Ungdomspost.
Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse i å arbeide med ungdom med psykiske lidingar. Det er ønskeleg at eit fleirtal av personalet skal ha spesialisering eller vidareutdanning innan sitt fagfelt.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere dei miljøterapeutiske tiltaka saman med pasient, foresatte og behandlingsteamet
- Delta i koordinering av pasientforløp saman med pasient, føresatte, behandlingsteamet i dageininga og behandlingsteam ved lokal BUP
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med relevant vidareutdanning, eller med relevant erfaring
- Ønskeleg med kompetanse på CBT-E og FBT
- Erfaring frå behandllng av spiseforstyrringar er ein fordel
- Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar
- Må meistre norsk muntleg og skriftleg godt
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for ungdom med alvorlege psykiske lidingar
- Du er strukturert, trygg og tydeleg i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
- Du bidrar til eit positive arbeidsmiljø
- Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna
- At du er trygg i deg sjølv og kan stå i utfordrande situasjonar over tid
Vi tilbyr
- Ein unik moglegheit til å bidra i utvikling av eit nytt spesialisert behandlingstilbod
- Arbeid på dagtid.
- Eit tverrfagleg og kompetent arbeidsmiljø med høgt fagleg engasjement
- Tilrettelegging for vidareutvikling innan metodar som CBT-E og FBT
- Rettleiing, fagleg støtte og samarbeid med erfarne kollegaer og leiing
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- PBU er ein IA- bedrift, inkluderande arbeidsliv for ivaretaking av arbeidstakarar ved sjukdom
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Astrid Bjorøy, Seksjonsleiar, 55975844Arbeidsstad
Haukelandsbakken 155021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5018214362
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Astrid Bjorøy
Seksjonsleiar
55975844
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2d3cb4ae-e7d9-49be-9298-367a1b3e223d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bf811de78f9a4d45a8e43c16290aaec8