Barne og ungdomsarbeidar
Bygland Skule, Bygland Kommune
Sentrum 18, 4745 Bygland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Har du lyst å bli med og forme skular som verkeleg blir satsa på? I så fall har du sjansen no!
Byglandsskulane har stort fokus på utandørs læring og aktivitetar; her blir både fjord og fjell nytta fullt ut. Andre stikkord er høg kompetanse på dysleksi; lesing og skriving og ikkje minst inkluderande undervising er også høgt prioritert.
Som ein del av staben på skule får du høve til å både jobbe sjølvstendig og saman med andre. Dei tilsette arbeider stort sett i team fordelt på barneskulen, mellomtrinnet og ungdomsskulen. Bygland skule (1. – 10. klasse) har nesten 80 elevar, og Byglandsfjord skule (1. – 7. klasse) har over 42 elevar. Ved begge skulane er det moderne fasilitetar med storbrukshall.
Det overordna målet vårt er at både elevane og dei tilsette skal ha meiningsfull dagar, der kvar enkelt er ein viktig del av fellesskapet. Byglandsskulane har eit godt arbeidsmiljø, og no kan du bli med på dette laget.
No er det ledig 100 % fast stilling som Barne og ungdomsarbeidar, Bygland skule og SFO.Med tilbyr- Eit engasjert og kompetent fagmiljø. Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Deltaking i
kompetanseheving. - Givande og varierte arbeidsoppgåver gjennom leik og læring
- Ein sektor i utvikling.
- Pensjonsordning gjennom KLP og god personal- og skadeforsikringsordning.
- Lønn iht. gjeldane tariff.
For tilsetting i skulen er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før
tilsetting trer ikraft (jf. Opplæringsloven §10-9, og forskrift til opplæringslova kap15.).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden
får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast
(jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgåver
- Dagleg omsorg og oppfølging av barn/elevar inne og ute
- Legge til rette for aktivitet og læring
- Støtte og rettleie barn i sosialt samspel, og bygge fellesskap
- Samarbeide med føresette og tilsette
- Delta i pedagogisk utviklingsarbeid
- Bidra i planlegging av pedagogisk verksemd
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Annan relevant kompetanse og erfaring kan veie opp for kvalifikasjonskravet, etter ei konkrret vurdering
Personlige egenskaper
- Ein trygg og varm vaksen som kan sette grenser og rettleie
- Ein som er positiv og engasjert i barn
- Trivst med leik og aktivitet
- Stabil og påliteleg
- Fleksibel og samarbeidsviljug
- Sjølvstendig og ansvarsfull
Kontaktinformasjon
Lene Fjerdingstad, Rektor/Virksomhetsleder, +47975 06 414, lene.fjerdingstad@bygland.kommune.noArbeidssted
Sentrum 184745 Bygalnd
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4963379195
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2933965
- Hentet fra
talentech
- Referanse
32c248f2f903438696755de3c1f14edd