Vil du bli vår nye kollega i fast stilling som portør?
Portør Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Portør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 17. september
🚑 Ønsker du ein spennande jobb som portør ved Haugesund sjukehus? 💙
Portørtenesta ved Haugesund sjukehus søkjer no to nye kollegaer i faste stillingar. Hos oss blir du ein viktig del av ei samfunnskritisk verksemd, der du møter menneske kvar dag og bidreg til at sjukehuset fungerer best mogleg. Dette er jobben for deg som er glad i menneske, trivst med varierte arbeidsoppgåver og brenn for service, logistikk og samarbeid.
Som portør er du sengepostane si forlengde arm og har ei viktig rolle i transport av pasientar, senger og utstyr. Med moderne digitale løysingar og spennande oppdrag på tvers av sjukehuset kan vi love ein aktiv og meiningsfull arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like.
📌 Me har éi fast stilling på dagtid og éi fast stilling i turnus med dag-, kveld-, natt- og helgevakter. Oppgi i søknaden kva stilling du søkjer på.
📰 Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe som portør? Les gjerne denne artikkelen om livet som portør.<br/>
Me gler oss til å motta søknaden din! 💙
Kva går jobben ut på?
- Pasienttransport mellom avdelingane på sjukehuset.
- Sengetransport fra sengesentral til avdelingar.
- Avfallshandtering i sjaktrom og avfallsrunde på sjukehuset.
- Kjøring mellom lokasjoner i HFO.
- Mange andre varierte arbeidsoppgåver i portøryrket.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Ønskelig med relevant fagbrev (eksempelvis helse/sosialfag, servicefag vekterfaget eller logistikkfag).
- Har du ikkje fagbrev, er du likevel velkommen til å søke. Me søkjer kollegaer med stor motivasjon til jobben og som også seinare kan tenka seg å ta fagbrev i portørfaget.
- Erfaring frå servicevirksomhet er ein fordel.
- Førarkort kl. B (inkludert manuelt gir).
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
- Erfaring med bruk av IKT som styringsverktøy i arbeidet.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- Er positiv og glad i å hjelpe pasienter og kollegaer.
- Er påliteleg og lojal arbeidstakar.
- Møter opp når du skal, og er ydmyk i møte med andre.
- Er i god form til fysisk arbeid.
- Tar ansvar for oppgåvene dine på ein ryddig måte.
- Ikkje redd for å spørre dei rundt deg, det set me pris på.
Kvifor skal du velje oss?
- Meiningsfull jobb i ein spennande og stor organisasjon.
- Eit miljø med fokus på helse, miljø og sikkerheit.
- Du får ein aktiv kvardag der arbeidsoppgavene dine sørger for at du holdes i god fysisk form.
- Eit kollegamiljø med lav terskel for å tilbakemelde stort og smått.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og fritidsulykkeforsikring.
Kontaktinformasjon
Olaug Moen, Funksjonsleiar Portøreininga, 90715052
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5112247158
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Olaug Moen
Funksjonsleiar Portøreininga
90715052
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2ca47726-39d9-49f8-b728-9ba2bdd51e45
- Sist endret
3. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8432a352391c4a718a42941bc26619ba