Vi søkjer ein strukturert og engasjert norsklærar
Sygna VGS
Sygnavegen 15, 6899 Balestrand
Om jobben
- Stillingstittel
- Norsklærar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. januar
På grunn av permisjon er det ledig mellombels stilling som lærar i norsk frå 1. mars 2026.
Vikariatet varer ut skuleåret 2026/2027
Vi er interesserte både i søkarar for heile perioden og dersom du kan jobbe berre våren 2026 eller berre skuleåret 2026/2027.Stillinga kan kombinerast med andre fag, som t.d. samfunnsfag eller spansk.
Du bør ha praktisk, pedagogisk utdanning, men søkarar utan slik utdanning kan bli vurderte.
Lærarar på Sygna deltek i det sosialpedagogiske og det kristne arbeidet ved skulen, m.a. tilsynsordninga.
Vi søkjer deg som er strukturert og har god evne til omstilling og læring. Du har godt humør, er glad i menneske, jobbar godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Det er forventa at den som vert tilsett vedkjenner seg den kristne trua og aktivt medverkar til realiseringa av skulen sine overordna mål og kristne profil i tråd med skulen sine grunnlagsdokument. Søkjar må kunne gje opplysningar om dette, jf. AML§13-3 og 13-4 og likestillings- og diskrimineringsloven §30.
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest, jf. privatskolelova § 4-3
For meir informasjon: Kontakt rektor, Frode Bøthun, tlf. 57 69 45 00.
**Lønn:**Ein har rett på same lønns- og arbeidsvilkår som ved tilsvarande stilling i offentleg skule.
Søknadsfrist: 21. januar 2026Om bedriften
Sygna vidaregåande skule er ein kristen friskule med offentleg godkjenning og eksamensrett. Det går ca. 180 elevar på Sygna, ca. 140 av desse bur i skulen sine internat. Sygna er eigd og driven av Misjonssambandet, som er ein stor misjonsorganisasjon.
Skulen ligg i Balestrand i Sogndal kommune og har god kommunikasjon både austover mot Oslo, sørover mot Bergen og Stavanger, samt nordover mot Ålesund og vidare.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2c9155ed-09a1-4eb5-91c7-ded93a8e6be4
- Sist endret
12. januar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
444627719
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høyanger kommune Høyanger skule/SFO
Sted
Høyanger
Arbeidsgiver
Lær Norsk Online AS
Sted
Os, Agder, Innlandet, Møre og Romsdal, Nordland, Oslo, Rogaland, Trøndelag, Vestland
Arbeidsgiver
Den norske kyrka, Bjørgvin bispedøme
Sted
Sogndal