Vil du bli en del av Lingalaks?
Lingalaks AS
Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
Om jobben
- Stillingstittel
- Mekaniker
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. august
Vil du jobba i ei framtidsretta næring der teknisk kompetanse er avgjerande for suksess?
Me søkjer ein dyktig, sjølvstendig og løysingsorientert mekanikar som ønskjer å bidra til sikker og effektiv drift av våre anlegg og fartøy.
I Lingalaks jobbar me tett på kvarandre og ynskjer at kvar enkelt skal ha moglegheit til å påverka produksjon og retning for selskapet. Hos oss er det viktig at tilsette opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med forventningar, ansvar og meining.
Viktigaste arbeidsområde:Arbeidsstad vil være på Lingalaks AS sine lokalitetar, i hovudsak i Hardanger. Noko reising til våre lokalitetar i Alver må påbereknast. Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Prosjekt & Vedlikehaldsleiar, Georg André Melcher, Tlf: 95140579 Mail: georg.melcher@lingalaks.no, eller Teknisk leiar; Lars Børve Tlf: 95059442. Mail: lars.borve@lingalaks.no
Om bedriften
Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Alver, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Våre 70 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Lingalaks skal vera ei "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon".
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2c257b73-3d6e-4b92-80b9-0daa1674d560
- Sist endret
10. august 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
471971455