Hopp til innhold

Lærarstillingar

Arbeidsgiver

Garnes skule, Bergen kommune

Sted

Øvre Seimsmark 52, 5264 Garnes

Om jobben

Oppstart
20. oktober 2026
Stillingstittel
Lærarstillingar , Garnes skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

På Garnes skule er det så høg trivsel at to av lærarane våre skal ut i foreldrepermisjon! Vi treng derfor nye kollegaer frå oktober og ut skuleåret. Ei stilling er 100 % kontaktlærar på 4. trinn. Den andre stillinga er 40 % lærar på 4. og 5. trinn. 

Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal med 300 elevar skuleåret 2026/27. Det er 40 tilsette på skulen. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord. Du finn oss 15 minutt med tog og buss frå Bergen sentrum, eller 20 minutt med bil frå Nesttun eller Åsane.

På Garnes skule jobbar vi for å utvikle profesjonelle læringsfellesskap som samarbeider for at elevane skal oppleve trivsel og læring. Dei tilsette opplever eit raust og fleksibelt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta med psykologisk tryggleik. Hovudsatsinga til skulen er inkluderande opplæring. Vi har arbeidd med fellesskapande opplæring for elevar med stort læringspotensial og trua på at alle elevar gjer så godt dei kan og korleis vi vaksne kan hjelpe dei for å ha det godt med seg sjølv og andre. Dei neste to skuleåra skal vi samarbeide med Universitetet i Bergen i eit partnarskap for å fremje inkludering gjennom digitalisering og kunstig intelligens.

Garnes skule har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring. Garnes skule er ein nynorskskule, der over 90% av elevane har bokmål som sitt hovudmål. 


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på 4. og 5. trinn, kontaktlæraransvar på 4. trinn i 100 % stillinga
  • Trygg, varm og tydeleg klasseleiing
  • Førebu, gjennomføre og evaluere inkluderande undervisning som byggjer fagleg og sosial kompetanse
  • Sørgje for eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevane på skulen
  • Samarbeide med foreldre, kollegaar og andre instansar.
  • Delta aktivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen og bidra til eit godt profesjonsfellesskap

Kvalifikasjonar

  • Lærarutdanning som kvalifiserer til undervisning på 1.-7. trinn
  • 30 sp. i norsk og matematikk
  • Kompetanse i å byggje og utvikle gode klassemiljø er ein fordel
  • Erfaring med klasseleiing og kontaktlæraransvar er ein fordel
  • Ønskjeleg med erfaring frå undervisning i fleksible areal

Personlege eigenskaper

  • Du har eit sterkt pedagogisk engasjement og interesse, der elevane si tilhøyrsle sosialt og i læring står i fokus
  • Du er ein tydeleg og varm vaksen
  • Du trur på at elevane gjer så godt dei kan
  • Du har kompetanse på å skape gode relasjonar til elevar, kollegaar og foreldre
  • Du finn motivasjon i eiga læring og utvikling
  • Du reflekterer over eigen praksis og vala du tek, og kan diskutere dei med andre
  • Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Du er motivert for å jobbe i team på ein baseorganisert skule

Vi tilbyr

  • Bergen kommune - ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar med tydeleg retning for bergensskulen
  • Eit godt arbeidsmiljø med fleksible kollegaer, kjekke elevar og positive føresette 
  • Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Gode avtalar om t.d. bustadlån i Statens pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Synnøve Hjertaker, Rektor

Arbeidssted

Øvre Seimsmark 52
5264 Garnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bergen kommune

Referansenr.: 5165068109
Stillingsprosent: 100, 40%
Vikariat
Startdato: 20.10.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 06.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Synnøve Hjertaker

Rektor

Om bedriften

Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2c051cbd-adab-4732-b51b-606a43ef497d

Sist endret

22. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

33a610a8807c431983e5c49d29fe0dec

Lignende annonser

Laster lignende annonser