Ekstrajobb helger og kvelder - Laksen Bakeri og Kafe
Norway`s best
6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Servicemedarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Vil du ha ei kjekk ekstrajobb i eit levande miljø midt i Lærdal? Laksen Bakeri & Kafé søkjer servicemedarbeidarar til helger og kveldar fram mot sommaren – med moglegheit for heiltidsstilling i høgsesongen.
Hos oss får du vere ein del av eit triveleg team som skaper gode opplevingar for både lokalbefolkning og turistar. Vi serverer fersk bakst, heimelaga pizza, salatar, sandwichar og god drikke – i koselege lokale og på uteserveringa ved Villakssenteret.
Arbeidsoppgåver
- Gje personleg og hyggeleg kundeservice
- Lage baristakaffi
- Handtere kasse
- Servering, dekking og rydding av bord
- Førebu sandwichar og salatar
- Ha kunnskap om produkta på menyen
Kven er du?
- Du er minst 18 år (helst fylt 20, sidan vi har alle rettar til alkoholservering)
- Du kommuniserer godt på engelsk (skandinavisk språk er ein fordel)
- Du har gjerne erfaring frå service, men det viktigaste er at du er serviceinnstilt og glad i folk
Vi tilbyr
- Ekstrajobb i helger og kveldar gjennom hausten og våren
- Moglegheit for fulltid i sommarhalvåret
- God opplæring, trivelege kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
- Rabatt på Norway’s Best sine produkt og aktiviteta
Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lofoten og Oslo. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2ba9578f-6425-466a-8610-f38df3490a07
- Hentet fra
talentech
- Referanse
712d4881c4c046eab1affc5c29199da4