Miljørettleiar
Ål kommune Ål ungdomsskule
Sundrevegen 42, , 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. september
Ål kommune har frå 15.12.25 ledig eit vikariat i inntil 100% stilling som miljørettleiar, ved Ål ungdomsskule.
Vi ynskjer ein miljørettleiar som kan følgje opp enkeltelevar, som er synleg i elevane sitt fysiske miljø og som kan vere i klasserommet ved behov. Kontaktlærar har det faglege ansvaret, og miljørettleiaren vil samarbeide med kontaktlærar om opplæringstilbodet i klasserommet.
Personlege eigenskapar- Er positiv, omsorgsfull og tydeleg.
- Er strukturert og målretta i arbeidet med enkeltelevar.
- Har godt humør og pågangsmot.
- Er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert.
- Vere ein tydeleg rollemodell og kunne sette grenser.
- Har evne til å sjå styrken og potensialet i elevar.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
- Bidra til eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne med elevar, tilsette og føresette.
- Kan samarbeide i team rundt oppfølgjing og rettleiing av elevar.
- Kan samarbeide med hjelpeinstansar utanfor skulen.
- Forebyggande arbeid med sårbare elevar og utanforskap.
- Oppfølgjing av elevar; sosialt, personleg og fagleg.
- Relevant utdanning innanfor pedagogikk, helse- og sosialfag eller vernepleie.
- Interesse for og erfaring med rettleiing av ungdom.
- Ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø.
- Engasjerte vaksne og barn.
- Skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
- Pensjonsordning i KLP.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ål ungdomsskule er ein skule med omlag 170 elevar, fordelt i tre klassar på kvart trinn. Dette gir oss klassar som varierer frå 16 til 22 elevar, der 8.trinn er minst med klassar på 16 og 17 elevar. I faga norsk, engelsk og matematikk har me lagt opp til eit to-lærarsystem. Det vil seie at det alltid er to utdanna faglærarar inne i klassen desse timane, som saman planlegg, tilpassar og evaluerer undervisninga i faga. Blir du tilsett hos oss, vil mellom anna ei slik rolle som to-lærar vere ei av oppgåvene du kan få.
Skulen har omlag 40 tilsette dette skuleåret. Av desse er størsteparten lærarar, men me har også fagarbeidarar og miljørettleiarar med annan fagkompetanse som ein viktig del av laget vårt. I tillegg samarbeider me tett med Familiens hus på Ål, og har kvar dag helsesjukepleiar eller ungdomslos på skulen. Me er ein gjeng med god kjønnsbalanse, som med variert bakgrunn, alder, utdanning og interesser jobbar saman for eit inkluderande og kjekt arbeidsmiljø.
Ål ungdomsskule har i tillegg til dei ordinære klasseromma ei stor avdeling for kunst og handverk, me har eit godt skulekjøkken, naturfagsal, bibliotek, kantine og auditorium. Me har eit romsleg uteområde, ligg vegg i vegg med Ål idrettshall og med symjehallen på Nedre Ål skule. Alt i alt gir dette oss gode rammefaktorar for variert undervisning i alle fag.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b7384f6-23e0-4f1d-917a-9a80f9dc8e80
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3542117_219451_nn