Overstyrmann/ dekksoffiser i sambandet Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fv49, 5414 Stord, 5413 Huglo, 5694 Onarheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overstyrmann i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 17. oktober
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 styrkjer beredskapen i sambandet Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes.I samband med dette blir det oppretta eit nytt skift og skiftordninga vil bli endra. Vi har difor ei ledig stilling som overstyrmann/ dekksoffiser.
MF Julsund blei bygd i 2004, men blei i 2019/2020 oppgradert og ombygd til hybrid der batteri er primær-energikjelde for framdriftssystemet.
Kvifor søkje denne stillinga:
- Fast og føreseieleg skiftordning: Du jobbar 12 timar på og 12 timar av – 1 veke dag og 1 veke natt. 2 veker på jobb og 3 veker fri.
- Sterkt fellesskap: Du blir del av eit dyktig team med godt arbeidsmiljø og høg kompetanse.
- Perfekt balanse mellom arbeid og fritid : Ein jobb som passar godt for deg som ønskjer å kombinere arbeidslivet med familieliv og fritidsinteresser.
- Karrieremoglegheiter i eit leiande rederi: Få verdifull erfaring i Norges største ferjeselskap – med moglegheiter for utvikling og vekst.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Oppgåver iht alarminstruks
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Stabil og trygg arbeidsplass hos ein solid aktør med fokus på kvalitet, tryggleik og miljø.
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
- Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 12 timar på og 12 timar av – 1 veke dag og 1 veke natt. 2 veker på jobb og 3 veker fri.
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Fv495414 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5023713593
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b322207-e857-412c-a35f-a2745571b77a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
509dc36f74be4cdf999ca53bec1bdc6a