Ferie-/tilkallingsvikarar
Avdeling Dalebu, Haram kommune
Dalevegen 20, 6270 Brattvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferie/tilkallingsvikarar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. desember
Er du student, pensjonist eller berre ønskjer eit ekstra oppdrag? Vi søkjer etter engasjerte og motiverte ferievikarar for sommaren 2025, evt. tilkallingsvikarar til Dalebu. Kandidatar vert tekne inn til intervju fortløpande.
Dalebu samlokaliserte bustader er eit døgnbemanna bu- og omsorgstilbod i Brattvåg. Det er eit tilbod for personar med utfordringar innan psykisk helse og rus. Det er 11 bueiningar knytt til Dalebu, samt at ein også gir tenester til andre busett i omliggande områder. Målsettinga er å bidra til at personar i målgruppa opplever meistring i eige liv, ut frå sine føresetnader.
Kommunalområde Livsløp består av fleire tenester som gir ulike tilbod til innbyggjarane i kommunen: koordinering og tildeling, helsestasjon, ressurbasen, barnevern, pedagogisk fagsenter, integrering, NAV, samt psykisk helse og rus. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt.
Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
Brukargruppa er variert i alder og oppgåvene vil variere ut frå behov, t.d:
- Støtte og rettleiing i daglegdagse gjeremål
- Støtte og rettleiing i utvikling av sosiale ferdigheiter
- Bidra til å sikre ein trygg kvardag med meiningsfylte aktivitetar
- Samhandling med andre ved behov
Kvalifikasjonar
- Ingen krav om formell kompetanse, men ønskjeleg med helse eller sosialfagleg bakgrunn
- Gjerne erfaring frå liknande arbeid
- Må vere over 18 år og ha førarkort
- Gyldig politiattest
- Nødvendig opplæring vil bli gitt
Personlege eigenskapar
- Stabil og motivert
- Fleksibel og løysingsorientert
- Tolmodig og omsorgsfull
Vi tilbyr
- Spanande og givande arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Anita Lianes, Avdelingsleiar, 92665490, anita.lianes@haram.kommune.noLaila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 206270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4924241244
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 01.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2882299
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7a5dad96b16a44e2a78f8fb03b0edc93