Bygg hydrologifaget vidare saman med oss!
Sunnfjord Geo Center
Edvard Griegs vei 3B, 5059 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Hydrolog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Vil du bli ein del av eit spanande selskap med vekstambisjonar? Som hydrolog hos oss vil du ha ein nøkkelrolle i å utvikle våre hydrologitenester og bidra til å gjere samfunnet tryggare, i ei tid der ein ser stadig større konsekvensar av menneskeskapte klimaendringar. Du vil jobbe med flaum, erosjon og vassdrag i eit tverrfagleg miljø på Vestlandet, og vere med på å forme framtida til Sunnfjord Geo Center.
Sunnfjord Geo Center AS opplever aukande oppdragsmengde og søker no ein hydrolog eller sivilingeniør med kompetanse innan flaum, overvatn og/eller vassdragsteknikk. Vi ser etter både nyutdanna og erfarne kandidatar som ønskjer å vere med og utvikle hydrologifaget i selskapet.
Vi har kontor i Bergen, Florø, Stavanger og Stongfjorden, og tilbyr ein fleksibel arbeidsstad.
Om stillingaSom hydrolog hos Sunnfjord Geo Center får du ei sentral rolle i eit lite, men spanande selskap. Du vil arbeide med varierte oppdrag innan flaum- og erosjonsproblematikk, som for eksempel å utvikle flaumfarevurderingar for kritiske områder og designe sikringstiltak for erosjonsutsatte vassdrag. Du vil jobbe både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer innan geologi og geoteknikk. Stillinga gjev gode moglegheiter for eiga fagleg utvikling og for å vere med å utvikle hydrologileveransane i selskapet.
Arbeidsoppgåver-
Utarbeiding av flaumfarevurderingar i samsvar med plan og byggingslova og NVE sine retningslinjer
-
Kartlegging og vurdering av erosjonsfare
-
Analyse av flaumvegar og kritiske punkt i bratte bekkar og regulerte og uregulerte vassdrag
-
Utgreiing og prosjektering av sikringstiltak mot flaum og erosjon
-
Hydraulisk modellering
-
Tverrfagleg samarbeid med andre fagmiljø i selskapet
-
Bidra til vidare utvikling av hydrologiavdelinga
-
Sivilingeniør- eller mastergrad innan hydrologi, vassdragsteknikk eller liknande, relevant fagområde
-
Gode skriftlege ferdigheiter på bokmål eller nynorsk
-
Kjennskap til relevant programvare, til dømes HEC-RAS, HY-8 eller MIKE
-
Erfaring med hydraulisk modellering
-
Erfaring med GIS
-
Du er fagleg engasjert og nysgjerrig
-
Du er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
-
Du trivast med varierte oppgåver og tverrfagleg samarbeid
-
Du har gode samarbeidsevner og evne til å dele kunnskap
-
Konkurransedyktig løn
-
God pensjonsordning
-
Stor grad av påverknad på eiga rolle og fagleg utvikling
-
Varierte og spanande prosjekt over heile landet
-
Moglegheit for å delta i forskingsprosjekt innan hydrologi
-
Eit fagleg sterkt arbeidsmiljø
-
Fleksibel arbeidsstad
-
Sosiale samankomstar, turar og faglege ekskursjonar
-
Støtte til karriereutvikling gjennom opplæring og mentorordningar
Om bedriften
Sunnfjord Geo Center er eit selskap som leverer rådgjeving og formidling innan geofag. Vi er 11 tilsette fordelt på fire kontor på Vestlandet og leverer tenester til privatpersonar, næringsliv og offentlege aktørar over heile Noreg.
Tenestene våre omfattar flaumfarevurderingar, skredfarevurderingar, ingeniørgeologiske vurderingar, prosjektering av sikringstiltak, miljøgeologiske undersøkingar, ressursgeologisk kartlegging, kvikkleirekartlegging, geoteknisk prosjektering og formidling.
Målet vårt er å bli eit nasjonalt kunnskapssenter for geofag, og hydrologi er ein sentral del av denne satsinga.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b22964c-2110-498e-bf31-9e37294022ec
- Sist endret
23. desember 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
442275116
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Sted
Klepp Stasjon, Hellevik i Fjaler, Tingvoll, Tromsø, Trondheim, Kapp, Steinkjer, Ås, Tjøtta, Grimstad, Oslo, Svanvik, Bergen, Bodø, Lofthus
Arbeidsgiver
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Sted
Hellevik i Fjaler, Tingvoll, Tromsø, Trondheim, Kapp, Steinkjer, Ås, Tjøtta, Klepp Stasjon, Oslo, Svanvik, Bergen, Bodø, Lofthus
Nyutdannet Rådgiver VA, Bergen
Arbeidsgiver
Sweco Norge AS
Sted
Bergen