Stilling ledig som konfirmantmedarbeidar i Masfjorden
Masfjorden Sokn
Masfjorden, Hybridkontor
Om jobben
Har du lyst å jobbe med konfirmantar? Masfjorden sokn lyser med dette ut ei fast stilling i 20% som konfirmantmedarbeidar frå 1.august 2025.
Stillingstittel
Menighetsarbeider
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Send søknad til
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar og eigenskaparDu som søkjer må
-
Ha vilje og evne til samarbeid
-
Kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
-
Ha evne til å arbeide med ungdom
-
Være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg)
-
Beherske data som arbeidsverktøy
-
Ha førarkort og disponere bil
-
Vere medlem av Den norske kyrkja
-
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
-
Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må leggast fram ved tilsetjing.
Arbeidsoppgaver
Til denne stillinga ligg fylgjande oppgåver:-
Planlegging av opplegget for konfirmantopplæringa, i samarbeid med sokneprest
-
Administrativt arbeid med konfirmantkulla, og generelt ansvar for kontakt med føresette.
-
Praktisk tilrettelegging og gjennomføring av samlingar.
-
Deltaking på alle planlagte samlingar, og bidra inn mot den sosiale delen av desse.
-
Invitere frivillige til å bidra i arbeidet, og fylgje dei frivillige opp.
-
Det er også forventa at konfirmantmedarbeidaren i einskilde samanhengar kan samarbeide med trusopplærar om konkrete oppgåver, til dømes i samband med arrangement trusopplærar har ansvar for. I den grad omfanget av dette går ut over fastsett stillingsprosent, vert arbeidet godtgjort time for time med same løn som for øvrig arbeid.
Konfirmantsamlingane er i stor grad lagt til helg og ettermiddag/kveld. Soknepresten har hovudansvaret for undervisninga.
Vi tilbyr
-
Ei interessant og utfordrande stilling
-
Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
-
Løn etter tariff (KA)
-
Medlemskap i KLP
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Litt om Masfjorden sokn
-
80,6% av kommunen sine 1693 innbyggarar er medlemer i Den norske kyrkja. Oppslutninga om kyrkja sitt trusopplæringsarbeid er god. Årets konfirmantkull tel 19 konfirmantar.
-
Det er tre kyrkjer i soknet; Frøyset, Sandnes og Solheim. I tillegg ligg Fjon fjellkyrkje og ungdomssenter i soknet.
-
Staben i Kyrkja i Masfjorden består av kyrkjeverje, sokneprest, trusopplærar, konfirmantmedarbeidar, organistvikar, kyrkjegardsarbeidar og kyrkjetenar. Kyrkjeverja vil vere næraste leiar.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2915417
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
2aedf4e3-551a-4992-a2b1-3ab239258fab