Seksjonsleiar
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. september
Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund er ein del av Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er akkreditert etter ISO 15189 og omfattar fagområda blodbank, klinisk kjemi/immunkjemi, protein/allergi, hematologi/koagulasjon og service. Seksjonen har 56 stillingar med omlag 65 tilsette.
Seksjonsleiar går no over til stilling som avdelingssjef, og vi søkjer etter ein framtidsretta etterfølgjer.
Medisinsk biokjemi og blodbank er ein veldreven seksjon. Som seksjonsleiar skal du leie dyktige bioingeniørar og helsesekretærar. Du blir medlem i leiargruppa i avdelinga og får fleire dyktige kollegaer som du skal samarbeide med. Som seksjonsleiar for mange, må du like å leggje til rette arbeidsdagane for dei tilsette. Du må vere oppteken av sjukefråværsoppfølging, og du må ha kunnskap om rettleiing.
Avdelinga har eit nært samarbeid med bioingeniørutdanninga ved NTNU, og seksjonen har årleg mange bioingeniørstudentar i praksis.
Dei neste åra står vi framføre utskifting av mykje medisinsk teknisk utstyr. Dette medfører også ein del ombygging og endringar.
Syns du at denne stillinga høyrest fristande ut, er du velkomen til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Totalansvar (kvalitet, personell, fag og økonomi), med tilhøyrande mynde for verksemda ved seksjonen innan dei til ein kvar tid gitte rammer
- Har overordna ansvar for tilrettelegging, prioritering og utføring av arbeidsoppgåver ved seksjonen
- Etablere og følgje opp kvalitetsforbetringsarbeid ved seksjonen, i samarbeid med medisinsk og teknisk personell
- Ansvar for oppfølging av personalet, her under kompetanseutvikling, utviklingssamtalar, oppfølging av sjukemelde, arbeidsavtalar m.m.
- Ansvar for HMS-oppfølging ved seksjonen
- Ansvar for god forvaltning av ressursar knytt til seksjonen si verksemd
- Medverke til ei god koordinering og forvaltning av avdelinga sine totale ressursar
- Delta i avdelinga sitt budsjettarbeid og ha ansvar for økonomioppfølging for seksjonen
- Delta i utarbeiding av avdelinga sine mål og planar for verksemda og ha ansvar for oppfølging innan eigen seksjon
- Møte med leverandørar og andre eksterne samarbeidspartnarar skal avtalast og gjennomførast i samarbeid med avdelingssjef
- Seksjonsleiar kan bli tillagt andre dedikerte oppgåver frå sin leiar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- Leiarkompetanse, leiareigenskapar og gode samarbeidsevner
- Formell eller reell kompetanse innan leiing
- Relevant vidareutdanning blir vektlagt
- Relevant IT-kompetanse
- Kjennskap til analyseverksemda innanfor aktuelt fagområde
- Ha inngåande kjennskap til «Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten» og andre relevante kravdokument, eksempel Blodforskrifta, NS-EN ISO 15189
- Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
- Evne til omstilling og interesse for vidareutvikling
- Evne til å skape samarbeid for å oppnå felles mål
- Evne til å motivere medarbeidarar til vidareutvikling og omstilling
Personlege eigenskapar
- Du er tydeleg, inspirerande og inkluderande i din leiarstil
- Du viser eit høgt fagleg engasjement til beste for tilsette og pasientar
- Du evnar å motivere og utvikle medarbeidarar
- Du er strukturert, målretta og løysingsorientert
- Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei spennande og meiningsfylt leiarstilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
- Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- Deltaking i ei inspirerande leiargruppe med dyktige kollegaer som har pasientane i fokus, samt kontinuerlig utvikling og omstilling
- Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og med andre avdelingar på sjukehuset
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Brit Valaas Viddal, Avdelingssjef, 41400934, brit.valaas.viddal@helse-mr.noMarie Nora Roald, Seksjonsleiar, 41570968, marie.nora.roald@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5014166325
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2a93008b-e820-4168-a298-89336a32d349
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7ca6627d5b564dcdb1cb6c6621f006ce