Stilling ledig som trusopplærar i Masfjorden
Masfjorden Sokn
5981 Masfjordnes, Hybridkontor
Om jobben
Kan du tenke deg å bidra til at barn og unge vert kjende med Jesus og får opplæring i den kristne trua? Masfjorden sokn lyser med dette ut ei fast stilling i 50% som trusopplærar frå 1.august 2025.
Stillingstittel
Trosopplærer
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Send søknad til
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar og eigenskaparDu som søkjer må
-
ha vilje og evne til samarbeid og formidling
-
kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
-
ha evne til å arbeide med barn og unge
-
være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg)
-
beherske data som arbeidsverktøy
-
ha førarkort og disponere bil
-
vere medlem av Den norske kyrkja
-
ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdsomsarbeid. Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse.
-
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
-
Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må leggast fram ved tilsetjing.
Arbeidsoppgaver
Til denne stillinga ligg for tida fylgjande oppgåver:-
Planlegging og gjennomføring av samlingar for barn og unge i alderen 0-13 år som t.d. småbarnstrall, dåpsskule, utdeling av kyrkjebøker, Tårnagenthelg og Lys Våken.
-
Invitere frivillige til å bidra i arbeidet, og fylgje dei frivillige opp.
-
Det kan også verta aktuelt med trusopplæringsarbeid for andre aldersgrupper.
Ein ynskjer at trusopplærar skal ha fridom til å utforme eit tilbod basert på eigne interesser og kvalifikasjonar. Men ein føreset at arbeidet skjer innan dei rammene som fellesrådet set, og at det innhaldsmessig skjer i samråd med sokneprest.
Det er også forventa at trusopplærar i einskilde samanhengar kan samarbeide med konfirmantmedarbeidar om gjennomføring av konkrete oppgåver, til dømes i samband med arrangement konfirmantarbeidar har ansvar for. I den grad omfanget av dette går ut over fastsett stillingsprosent, vert arbeidet godtgjort time for time med same løn som for øvrig arbeid.
Vi tilbyr
-
Ei interessant og utfordrande stilling
-
Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
-
Løn etter tariff (KA)
-
Medlemskap i KLP
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Litt om Masfjorden sokn
-
80,6% av kommunen sine 1693 innbyggarar er medlemer i Den norske kyrkja. Oppslutninga om kyrkja sitt trusopplæringsarbeid er god. Årets konfirmantkull tel 19 konfirmantar.
-
Det er tre kyrkjer i soknet; Frøyset, Sandnes og Solheim. I tillegg ligg Fjon fjellkyrkje og ungdomssenter i soknet.
-
Staben i Kyrkja i Masfjorden består av kyrkjeverje, sokneprest, trusopplærar, konfirmantmedarbeidar, organistvikar, kyrkjegardsarbeidar og kyrkjetenar. Kyrkjeverja vil vere næraste leiar.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2915357
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
2a8dc944-4db2-49f6-9c76-0d5c718d0180