Tilkallingsvikarar / helgestillingar/vikariat i Miljøtenesta Time kommune
Time kommune
Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar / helgestillingar/vikariat i Miljøtenesta Time kommune
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 11. september
Tilkallingsvikarar / helgestillingar/ vikariat i Miljøtenesta i Time kommune
Det vil til tider vera behov for tilkallingsvikarar / helgestillingar/vikariat i dei ulike avdelingane i miljøtenesta i Time kommune.
Du legg inn ein generell søknad der du oppgjer i kva for ein avdeling du kan tenka deg å jobba.
Miljøtenesta består av følgande avdelingar:
Foren Burettslag, Kverneland barne- og avlastningbustad, Holmebakken/Vardheia omsorgsbustad, Kringlemyr omsorgsbustad/ambulerande, Bryne Aktivitetssenter, Nubben Bufelleskap og fleire BPA ordningar.
Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag.
Leiarane i dei forskjellige avdelingane vil ved behov ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju.
Det finns stipendordningar for sjuke- og vernepleiarstudentar.
Det er krav om politiattest for alle områda.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vart presentert på intervju.Kvalifikasjonar
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
I nokre av avdelingane vil det vera krav om at ein har førarkort klasse B, manuell gir.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
- Det er lovkrav om at politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Emilie Øines, Avdelingsleiar Holmebakken/Vardheia omsorgsbustad, emilie.oines@time.kommune.noLene Bærheim Haldorsen, Avdelingsleiar Kverneland barne- og avlastning., lene.baerheim.haldorsen@time.kommune.no
Tordis Winstrup, Avdelingsleiar Foren Burettslag, tordis.winstrup@time.kommune.no
Tove Merete Vorland, Avdelingsleiar Bryne Aktivitetssenter og BPA, tove.merete.vorland@time.kommune.no
Anita Ås, Avdelingsleiar Kringlemyr omsorgsbustad/ambulerande og BPA, anita.as@time.kommune.no
Eli Westerlund Goodwin, Avdelingsleiar Nubben Bufelleskap, eli.westerlund.goodwin@time.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5015310270
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Tordis Winstrup
Avdelingsleiar Foren Burettslag
tordis.winstrup@time.kommune.no
Lene Bærheim Haldorsen
Avdelingsleiar Kverneland barne- og avlastning.
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
29ff850a-0c63-4191-a5b0-d0b220249dd7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c7bfd9085db54d6291eaf3511e8699a3