Stipendiat ved Klinisk institutt 1
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Stipendiat (4 år) ved Klinisk institutt 1
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Ved Det medisinske fakultet, klinisk institutt 1 er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er for ein periode på fire (4) år med 25 % karrierefremjande arbeid, eller i inntil 4 månader etter oppnådd ph.d.-grad dersom graden blir fullført på kortare tid. Stillinga inneber 25 % karrierefremjande arbeidsoppgåver som undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, avhengig av behov ved instituttet. Stillinga er knytt til prosjektet “NorHEAD”, finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet
Hovudpine er ei stor global helseutfordring. Over ein milliard menneske verda over har primære hovudpinesjukdomar som migrene, spenningshovudpine og klasehovudpine. Desse tilstandane er blant dei vanlegaste og mest funksjonsnedsettande nevrologiske lidingane globalt, og dei inneber ein betydeleg byrde for enkeltpersonar, helsevesen og samfunnet.
I dette prosjektet har vi etablert omfattande databasar som kombinerer landsdekkjande norske helse- og sosioøkonomiske registerdata, biobankar og pasientrapporterte data. Ved å bruke avanserte epidemiologiske metodar, kausal analyse og maskinlæringsteknikkar, er måla våre å:
• Forbetre forståinga av risikofaktorar for primære hovudpiner
• Føresei diagnose og sjukdomsutvikling
• Identifisere dei mest effektive og trygge behandlingane
Vil du vere med på eit banebrytande tverrfagleg forskingsprosjekt i skjæringspunktet mellom berekningsvitskap, epidemiologi og nevrologi?
Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen, inviterer til å søkje på ei fulltids (100 %) stilling som stipendiat. Stillinga er ein del av prosjektet Understanding Headache Through Registry Data – A NorHEAD–MiHEAD project, under paraplyen til Nasjonalt senter for hovudpineforsking (NorHEAD). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Les meir på www.norhead.org.
Internasjonalt og samarbeidsorientert miljø
Stillinga gir ei unik moglegheit til å arbeide i eit høgt tverrfagleg og samarbeidsorientert miljø. Prosjektet inneber tett samarbeid med andre stipendiatar, postdoktorar og seniorforskarar, både nasjonalt og internasjonalt. Våre samarbeidspartnarar inkluderer leiande forskingsgrupper i Storbritannia, Danmark og Spania – inkludert den verdskjende High-Dimensional Neurology Group ved UCL Queen Square Institute of Neurology i London.
Den som får stillinga, vil ha arbeidsstad ved Universitetet i Bergen, i eit stimulerande akademisk miljø med framifrå forskingsinfrastruktur og tilgang til høgkvalitets nasjonale datakjelder.
Vi søkjer ein engasjert og motivert PhD-stipendiat til eit tverrfagleg forskingsprosjekt som nyttar store nasjonale helse- og sosioøkonomiske register, databasar og biobankar. Målet med prosjektet er å undersøkje kva behandlingar som verkar best og er tryggast for pasientar med hovudverk, kva medisinske, medfødde og miljømessige faktorar som er knytte til utvikling av hovudverk, og korleis hovudverk påverkar samfunnsøkonomien i Noreg.
Prosjektet tek i bruk avanserte metodar innan epidemiologi, kausal inferens, genetisk epidemiologi og maskinlæring.
Som PhD-stipendiat i prosjektet vil du:
- delta aktivt i gruppemøte, utarbeide statistiske analyseplanar saman med andre forskarar, gjennomføre dataanalysar, skrive vitskaplege artiklar, rettleie masterstudentar og bidra til formidling av forskingsresultat.
- samarbeide tett med informatikarar, statistikarar og nevrologar for å sikre både klinisk relevans og metodisk styrke i analysane.
- samarbeide med internasjonale partnarar for å styrkje den metodiske kvaliteten og fremje kunnskapsutveksling og fagleg kompetansebygging.
- å bidra til dei pågåande forskingsaktivitetane ved instituttet, medverke til tverrfagleg samarbeid, vitskapleg formidling, publikasjonar av høg kvalitet og moglegheiter for framtidig ekstern finansiering.Presentere forskinga di på nasjonale og internasjonale konferansar Samhandle med publikum og pasientar med hovudverk, mellom anna gjennom formidling av forsking i media og sosiale medium
Du vil bli del av eit engasjert og fagleg sterkt miljø med gode høve for fagleg utvikling og nettverksbygging.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i
- medisin, farmakologi/farmasi, folkehelse, epidemiologi, statistikk, biostatistikk, maskinlæring/kunstig intelligens eller samfunnsøkonomi.
- Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil bli rekna som ein fordel.
- Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og samtidig vise gode samarbeidsevner.
- Søkjar må vise både evne og motivasjon til å gjennomføre eit ph.d.-prosjekt.
- Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk er eit krav. Ferdigheiter i eit nordisk språk (munnleg og skriftleg) blir rekna som ein fordel. Sjå informasjon om dokumentasjonskrav.
- Erfaring med epidemiologi og statistiske analysar, inkludert bruk av programvare som STATA, R eller SAS, vil bli vurdert positivt.
- Dokumentert eller demonstrert evne til å arbeide sjølvstendig med registerdata eller store datasett vil bli sett som ein fordel.
- Erfaring med, eller kjennskap til, nordiske helseregister eller databasar og/eller farmakoepidemiologi er ønskjeleg.
- Erfaring med – eller dokumentert interesse for – avanserte statistiske metodar for kausal inferens i observasjonsdata, modellbasert imputasjon, genetisk epidemiologi, eller bruk av maskinlæring på registerdata er høgt verdsett.
- Klinisk erfaring med pasientar som har hovudpinesjukdomar blir rekna som ein fordel.
- Vist interesse for hovudpineforsking og/eller folkehelse vil bli tatt med i vurderinga.
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:
http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
Forskarutdanning (ph.d.-programmet)
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 570 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 585 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 605 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.)
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
- Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
- Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
- Eventuelle publikasjonar (pdf)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte leder av NorHEADs registerforskningsprogram, professor Marte-Helene Bjørk, e-post: marte.bjork@uib.no, telefon: +47 95 97 67 55. Les meir om NorHEAD her: https://www.ntnu.no/norhead
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
29b72ad4-cdb0-4da2-8153-b10da8fa514e
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261334