Barne- og ungdomsarbeidar og miljøarbeidar
Tveit skule og Nissedal ungdomsskule, Nissedal kommune
Solås 2, 3855 Treungen
Om jobben
- Oppstart
- 4. januar 2027
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar og miljøarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. november
Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10.trinn) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7.trinn) i Kyrkjebygda. Skulane i Nissedal er opptekne av å gje elevane trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og allsidig kunnskap, og skal førebu elevane til vidare studie og arbeid. Skulen er difor oppteke av eit tett samarbeid med føresette og andre instansar både offentlege og private. Elevmedverknad og demokrati står sentral i all undervisning.
Som arbeidsplass kjenneteiknast skulane med høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær, med høve til fagleg utvikling i form av tillitsbasert arbeid og oppgåver og oppmoding til vidareutdanning.
Ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule og SFO er det no ledig stilling som barne-og ungdomsarbeidar (60% fast- med moglegheit for auke) og miljøarbeidar (100% fast).
Arbeidsoppgåver
Barne- og ungdomsarbeidar og miljøarbeidaren vil jobbe både i skulen og ved SFO, og må kunne:
- følgje opp elevar som treng bistand i skulekvardagen, både praktisk og fagleg.
- følge opp elevar med spesielle behov og utfordringar
- samarbeide tett med lærarar om undervisningsopplegg og prosedyrer
- samarbeid tett med føresette
Kvalifikasjonar
Krav til den tilsette:
Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ein kan også vurdere andre typer fagkompetanse og realkompetanse.
Erfaring frå arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt.
Erfaring frå arbeid med elevar med spesielle behov
Krav til miljøarbeidar: God kunnskap og erfaring med ukrainsk og norsk språk
Personlege eigenskapar
Vi vil vektlegge:
God relasjonskompetanse og erfaring med gruppeleiing
Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg.
At søkar er personleg skikka for stillinga.
Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar.
Tålmod og kunnskap til å stå i krevjande situasjonar med elevar som har spesielle behov og utfordringar.
Interesse og kunnskap om bruk av IKT
Vi tilbyr
Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.
Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane.
Eit godt arbeidsmiljø
Anna:
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25
Kontaktinformasjon
Marius Vøllestad, Rektor, +47 35048482Arbeidsstad
Solås 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5208664884
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Marius Vøllestad
Rektor
+47 35048482
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
294b9010-9713-4cf8-96fd-dc29aba34298
- Sist endret
11. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
27e3fc347c324fb1aa6c30f4d6d74d38