Hopp til innhold

Sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver

Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
1. november 2026
Stillingstittel
sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. september

Ved Allmenpsykiatri Sunnmøre (tidl. Utgreiing og behandling), har vi no ledig fast 50% stilling som sjukepleiar/vernepleiar med arbeid kvar 3. helg. 
Stillinga er ledig fra 01.11.26.

Vi søker deg som vil vere med på å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang.

Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Allmennpsykiatri Sunnmøre har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrringar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrrelsar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar.

Seksjonen tilbyr mellom anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiaterar, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av målretta pleie og miljøterapeutiske tiltak
  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrer
  • Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
  • Bidra til fagleg utvikling av sjukehuspsykiatrien

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar
  • Ønskeleg med relevant erfaring i psykisk helsearbeid eller rus.
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider sjølvstendig
  • Du er god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre
  • Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo
  • Du bidreg til godt arbeidsmiljø
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Siri Charlotte Johnsen, Seksjonsleiar, 70106510, Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5167876855
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 10.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Siri Charlotte Johnsen

Seksjonsleiar

70106510

Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

29043722-7e45-4fc3-b7f7-66df287e1d7b

Sist endret

27. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

43fe0ec07b6d4aa7abb748c7bb3ce803

Lignende annonser

Laster lignende annonser