Hopp til innhold

Liljevatnet barnehage

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Liljevatnet barnehage

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar 70-100%
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Vil du vere med å skape kvardagsmagi, livsglede og meistring?

Liljevatnet barnehage søkjer ein engasjert og relasjonssterk barnehagelærar til mellombels 70%- 100 % stilling. Snarleg tiltreding, med varigheit til 14.08.2027, og moglegheit for forlenging.

Hos oss får du arbeide i ein barnehage der naturen er ein viktig del av kvardagen, der leik og utforsking står sentralt, og der vi meiner at dei beste resultata kjem når vi samarbeider og løftar kvarandre fram.

Visjonen vår er: "Vi set varige spor."

No ønskjer vi ein ny lagspelar som vil vere med å gje barna gode opplevingar, meistringskjensle og ein trygg og utviklande barnehagekvardag.

Kvifor velje Liljevatnet barnehage?

Liljevatnet barnehage er ein kommunal barnehage med fire avdelingar og om 70 barn. Vi har eit sterkt fagmiljø med rundt 18 faste tilsette og eit tett samarbeid med spesialpedagogiske ressursar, og andre fagpersonar.

Barnehagen har et stort og variert naturområde tilhørende barnehagen. Barna får oppleve:

  • turar til nærområdet
  • eit variert og spennande uteområde med egen ballbinge
  • eigen gymsal

Vi er opptekne av å utvikle framtidas barnehage og arbeider aktivt med Øygarden kommune sine satsingsområde innan:

  • språk og kultur
  • nærvær og inkludering
  • inkluderande spesialpedagogikk

Arbeidsoppgåver

  • bidra til å skape eit trygt, inkluderande og inspirerande leike- og læringsmiljø
  • planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogisk arbeid i tråd med rammeplan og lovverk
  • væra ein aktiv pådrivar for fagleg utvikling på avdelinga
  • byggje gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
  • samarbeide tett med leiargruppa og resten av personalet
  • medverke til eit godt arbeidsmiljø prega av trivsel, engasjement og utvikling

Kven ser vi etter?

Vi ønskjer oss ein barnehagelærar som ser moglegheiter, byggjer gode relasjonar og som likar å arbeide saman med andre for å skape gode dagar for barna.

Kvalifikasjonar

Du må ha:
  • godkjent barnehagelærarutdanning
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Det er ein fordel om du har:
  • erfaring med pedagogisk leiing
  • erfaring frå prosjekt- eller utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi ser etter deg som:

  • er trygg, tydeleg og varm i møte med barn og vaksne
  • er raus, inkluderande og relasjonsorientert
  • er nysgjerrig og utviklingsorientert
  • samarbeider godt og deler kunnskap med andre
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
  • spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • ein arbeidsplass der natur, leik og fellesskap står sterkt

Anna:

  • Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing
  • KontaktinformasjonKatja Morvik, konstituert styrar

    E-post: katja.morvik@oygarden.kommune.no

    Mobil: 90560466

    Velkomen som søkjar!

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Katja Morvik

    +47 90560466

    katja.morvik@oygarden.kommune.no

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    28ed5039-310d-4a90-be92-2a66deffa53f

    Sist endret

    16. november 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3679199_205171_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser