Har du eit varmt hjarte og eit klart hovud?
Vindafjord kommune Barnevern
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar barnevern
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. september
Er du engasjert i barn og unge? Likar du å bygge team og å skape fagleg utvikling? Vil ha ein meiningsfull og viktig jobb? Har du leiareigenskapar? Det er ledig stilling som fagleiar i Etne Vindafjord barnevernteneste frå 01.10.25.
Etne Vindafjord barnevernteneste er samansett av ulike team:
- Melding, undersøking og hjelpetiltak (MUT).
- Omsorg (oppfølging av barn i fosterheim og andre plasseringar utanfor heimen) og ettervern (oppfølging av ungdom mellom 18 og 25 år).
- Miljøteam: Tiltaksteam med miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Barneverntenesta mottek rettleiingstiltak frå Familieteamet i kommunen.
Som fagleiar vert ein del av leiargruppa i barneverntenesta og ein får vera med å skape retning og meining for dei tilsette i vårt viktige arbeid for sårbare barn. unge og deira familiar. Me meiner at leiargruppa er hjarte i barneverntenesta og me satsar på kompetanseutvikling både barnevernfagleg og i leirrolla.
Hjå oss er me opptekne av brukarmedverknad, samarbeid med familien og barnets stemme. Dette forutsett at våre tilsette har gode kommunikasjonsferdigheiter, evne til å danne relasjonar og har eit positivt menneskesyn.
I arbeidet i barneverntenesta møter ein menneske i kriser og ein involverar seg i komplekse familiesituasjonar. Dette forutsett gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å handtere og tåle konfliktar og sterke kjensler. Som ein del av leiargruppa i tenesta må ein evne å ivareta både brukarane våre og dei tilsette på ein måte som skapar framgong og endring.
Kvardagen i barneverntenesta er prega av varierte dagar, både i høve til arbeidsoppgåver og tidspress. Ein må trivast med eit høgt tempo og evne å strukturere sin eigen arbeidskvardag. Som fagleiar i barneverntenesta må ein vera robust og ha fokus på sjølvivaretaking. Tenesta er opptekna av oppfølging av dei tilsette både i høve til deira faglege utvikling, oppfølging i sakene og personleg utvikling. Dette føregår i individuell rettleiing for tilsette i alle ledd, fagmøte i tenesta, fagutvikling for team eller heile tenesta, og i fellesskapet med kollegaer.
Arbeidet utførast i hovudsak på dagtid, men nokon timar med ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast.
Godt arbeidsmiljø er ein viktig føresetnad for å gjere ein god jobb, å gje god oppfølging til brukarane våre og å utvikle seg fagleg. Etne Vindafjord barnevernteneste mottok i 2024 arbeidsmiljøprisen for Vindafjord kommune og me jobbar målretta med å ha eit positivt og ivaretakande arbeidsmiljø.
Hovudarbeidsoppgåver:Som fagleiar har du fagleg ansvar for saker og fagleg oppfølging av kontaktpersonane i ditt team. Dette inneber fast rettleiing med den enkelte, leiing av vekentlege fagmøte, gjennomgong og godkjenning av rapportar, vedtak og særskilte dokument. Du har avgjerdsmynde på delegerte avgjerd og skal samarbeide med andre både på individ- og systemnivå. Du har medansvar for utvikling og kvalitetssikring av rapportering, rutinar, oppfølging av internkontroll og avvikshandtering. Som fagleiar har ein ansvar for å følgje opp alle ledd når ei sak skal førast for domstol.
Kvalifikasjonar:- Treårig høgskuleutdanning, fortrinnsvis bachelor i barnevern eller sosionom. Andre relevante utdanningar kan vurderast.
- Erfaring frå barnevernsrelevant arbeid.
- God formidlingsevne i norsk, munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B og moglegheit for å disponera eigen bil. Eininga har i tillegg bilar til disposisjon.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Det må framvisast politiattest for å jobba i barneverntenesta.
- Trygg og tillitsvekkande.
- Positiv og løysingsorientert.
- Evne til å jobba effektivt og strukturere eigen arbeidsdag.
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men også vera ein del av eit fagleg team.
- Evne til nytenking, kritisk refleksjon og opptatt av personleg fagleg utvikling.
- Evne til å motivere for endring og å sjølv vera endrings- og utviklingsfokusert.
- Evne til samarbeid med familiar, samarbeidspartnarar og kollegaer.
- Ei god kollega og ei støtte for dine medarbeidarar.
- Opptatt av eit positivt menneskesyn og brukarmedverknad.
Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt.
Me kan tilby:- Eit kollegafellesskap som består av engasjerte og fagleg sterke sosialarbeidarar som er opptekne av å gjere ein forskjell for familiane me jobbar med og for å skape ein god arbeidsplass.
- God opplæring over tid og tilbod om relevant fagleg påfyll og moglegheit for ulike former for kompetanseheving. Til dømes vidareutdanningar og ulike kurs og sertifiseringar.
- Tilhøyra i eit team der ein får drøfte faglege synspunkt og utfordringar, samt lære av kvarandre.
- Tett oppfølging frå kollegaer i kvardagen og jamleg individuell rettleiing, både i opplæringa og i arbeidskvardagen vidare.
- Ein fleksibel og variert arbeidskvardag, der ein får vera med å forma arbeidsdagane sjølv. Me har fleksitidsordning og moglegheit for heimekontor.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
28756bb1-20fd-420c-8337-d6cf2742bcef
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3531181_229867_nn