Prosjektøkonom
Statens vegvesen
Askedalen 4, 6863 Leikanger, Malakoff 45, 6770 Nordfjordeid, Sanderplassen 6, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektøkonom
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Om stillinga
Nå søkjer vi etter ein systematisk og analytisk prosjektøkonom som vil være en sentral fagperson på økonomisk styring og oppfølging i våre prosjekt.
I seksjon Plan og utbygging vest 1 har vi ansvar for planlegging og bygging av ulike investerings- og utbetringsprosjekt på riksvegnettet. Som tilsett hos oss vil du vera ein del av arbeidet med trafikktryggleik og framkomst, som har mykje å seia for samfunnet, og som skaper ringverknader for næringsliv, privatpersonar og andre vegbrukarar. Me tek vare på det me har!
Kontorstad for denne stillinga vil være Nordfjordeid, Førde eller Leikanger.
Arbeidsoppgåver
Som prosjektøkonom vil du få ein variert kvardag med mange ulike arbeidsoppgåver og problemstillingar. Du vil jobbe tett saman med fleire av våre seksjonsleiarar og prosjektleiarar, og vere ein rådgivar og støttespelar for alle tilsette innan økonomifaget.
Dine arbeidsoppgåver vil blant annet bestå i:- Opparbeide deg kompetanse til å bli superbruker i økonomisystema våre, blant anna ISY prosjektøkonomi, Unit 4, PowerBI
- Internkontroll og sørge for korrekt regnskapsføring og ajourføring
- Hjelpe seksjonsleiarar og prosjektleiar i budsjett- og prognosearbeid, samt i oppfølging av intern og ekstern finansiering
- Økonomirapportering og utarbeide rapporter
- Hjelpe seksjonsleiar og prosjektleiar med prosjektoppfølging og styringsinformasjon
- Opplæring av tilsette i våre økonomisystem
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
- Du har minimum treårig relevant utdanning på universitets-eller høgskolenivå. Utdanningskravet kan fråvikast ved relevant erfaring innan økonomi-, budsjett- og prognosearbeid – med fordel innafor prosjektarbeid i anlegg eller liknande.
- Du har relevant erfaring – erfaring innan prosjektøkonomi er fordelaktig
- God digital kompetanse og evne til å sette deg raskt inn i nye system – du har også god kjennskap til Excel
Noko reiseverksemd må påreknast. mk Førarkort klasse B er derfor nødvendig.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Vi vil vidare vektlegge personlege eigenskapar og motivasjon:
- Gode formidlingsevner skriftleg og munnleg på norsk
- Sjølvstendig og initiativrik
- Gode samarbeidsevner
- Gjennomføringsorientert
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferje. Vi er ein digital, kompetent og profesjonell vegeigar som tek vare på og utviklar riksvegane.
Drift og vedlikehald har rundt 900 medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 17 milliardar kroner. Les meir om divisjon Drift og vedlikehald her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
285bfbe7-4fed-48ed-b277-271c4a92b0bf
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265061