Lege i spesialisering innan lungemedisin
Lungeavdelinga, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering innan lungemedisin
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 23. oktober
Lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har ledig fast stilling som Lege i spesialisering innan lungemedisin.
Lungeavdelinga driv med spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med lungesjukdommar i Helse Vest. Vi har i tillegg ein stor forskingsaktivitet i nært samarbeid med andre avdelingar og institusjonar både regionalt og nasjonalt.
Avdelinga har to sengepostar med totalt 38 sengeplassar. Av desse er 8 senger knytt til ROE/post 1 (Respiratorisk overvakingseining). Vi har og ein stor poliklinikk- og dagbehandlingseining der Senter for søvnmedisin er ein viktig del. Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar og Nasjonal Kompetanseteneste for Heimerespiratorbehandling er og knytt til avdelinga.
Lungeavdelinga har ca 150 årsverk og eit variert pasientbelegg med årleg rundt 2500 avdelingsopphald (døgn- og dag) og ca.26000 ambulante konsultasjonar. Gjennom eit tett samarbeid med universitet og høgskule bidrar avdelinga til høg forskingsaktivitet og fagutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Delta i etablerte vaktordningar og i avdelinga si drift
- Undervisingsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i lungemedisin
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring
- Erfaring frå samarbeid på tvers
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
Vi tilbyr
- Positivt og kompetent fagmiljø, høg forskingsaktivitet
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Solveig Margrethe Dale, Assisterande klinikkleiar, 97505125Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5026385104
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Solveig Margrethe Dale
Assisterande klinikkleiar
97505125
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2854c9fe-46f7-4272-827a-cd155772196d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6aa3774131b04f1b91ade93c28f4c6e9