Hopp til innhold

100% stilling som miljøterapeut ved Rus og psykisk helse, Jondal

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Rus og psykisk helse

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 27. september

Ledig fast stilling som miljøterapeut - stillingsstorleik 100 %

Arbeidsstad: Jondal

 

Ullensvang kommune har integrerte tenester for rus og psykisk helse, og me gjer tenester til personar over 18 år. I vår avdeling i Jondal søkjer me etter ein miljøterapeut i 100 % fast stilling knytt til eit målretta tiltak for ein ung mann. Arbeidet er organisert som 1-til-1-oppfølging, og stillinga inngår i ein døgnturnus (2/7, 2/7, 3/7) med arbeid kvar fjerde helg. Som tilsett blir du ein del av eit fagleg team med regelmessige møtepunkt og tett oppfølging. 

 

Arbeidsoppgåver:
  • Leggje til rette for ein trygg, føreseieleg og stabil kvardag for brukaren.

  • Planleggje, tilretteleggje og følgje opp aktivitetar og dagtilbod som fremjar meistring og gode opplevingar.

  • Yte miljøterapeutisk oppfølging og støtte til alminneleg daglegliv (ADL) i heimen.

  • Ha eit nært og godt samarbeid med familien og øvrige tenesteytarar.

  • Bidra aktivt i teamet til å forme eigen arbeidsdag i samråd med brukaren og kollegaer.


Kvalifikasjonskrav:

  • Fullført 3-årig høgskule- eller universitetsutdanning innan helse- eller sosialfag (til dømes vernepleiar, sosionom eller sjukepleiar).

  • Søkjarar med annan relevant utdanning kombinert med solid og dokumentert erfaring frå tilsvarande arbeid kan òg bli vurderte.

  • Gode digitale ferdigheiter og god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

  • Førarkort klasse B (krav).

  • Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. gjeldande lovverk.

  • Av omsyn til art på tiltaket oppmodar me menn om å søkje. 

 

Personlege eigenskapar:
  • Gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit.

  • Trygg i rolla, sjølvstendig og med evne til å stå støtt i utfordrande situasjonar.

  • Gode samarbeidsevner, løysingsorientert og fleksibel.

  • Personleg eigneheit vil bli vektlagd.

 

Me tilbyr:
  • Ein spennande, meningsfull og variert kvardag i eit engasjert fagmiljø.

  • Stor grad av medverknad i utforminga av tenesta.

  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling med støtte frå kommunen.

  • Løn etter hovudtariffavtalen.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.

 

 Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Synnøve Eiken

+47 97630094

synnove.eiken@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

28051795-9f2b-482e-b291-bf1ad3db684b

Sist endret

11. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3661285_193337_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser