Engasjert Matvert
Drift/teknisk divisjon / Hospitaldrift / Hospitaldrift Matforsyning / Spisestua seksjon 1, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matvert Spisestua 16%
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 16%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Helse Bergen søker engasjerte og dyktige matvertar til teamet vårt og har ledig følgande stillingar:
16% fast stilling med arbeid kvar fjerde helg og ein kveld ca annankvar veke. Denne stillinga er kun kveldsarbeid.Arbeidstid er ukedager 14.45-21.00 og lørdag og søndag 14.45.-21.00.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar.
Matstovene er open frå kl. 07:00-21:30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 21 matstover, 10 matstover i sentralblokka, 1 i Parkbygget, 5 i Glasblokkene, 1 på Nordås og 1 i Sandviken.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med matomsorg til pasientar
- Bestilling, tillaging og servering av måltid
- Reinhald, oppvask og rydding
Kvalifikasjonar
- Gode kommunikasjonsevner: Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev som kokk blir føretrekt)
- Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging
- Gode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare
- Matfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæring
Personlege eigenskapar
- Fagleg interesse og engasjement
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Strukturert og nøyaktig
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Arve Haga, Seksjonsleiar, +47 55977474Åge Nilsen, Leiar/fagleiar
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5007745449
Stillingsprosent: 16%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 28.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Åge Nilsen
Leiar/fagleiar
Arve Haga
Seksjonsleiar
+47 55977474
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
27ff538b-0326-4a21-8054-dd66984f3f4b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c888490803ea4dfea036c86612c41e40