Sviland skule søkjer rektor med hjarte for elevane, blikk for framtida – og heile bygda på laget
Sviland skule, Sandnes kommune
Svilandveien 211, 4308 Sandnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Rektor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. november
Sviland skule har 140 elevar og omtrent 25 tilsette. Forutan rektor, består skuleadministrasjonen av avdelingsleiar for skule, SFO-leiar og administrasjonskonsulent.
Som rektor må du vera oppteken av trivselen til elevane og deira faglege utvikling. Du veit at dei tilsette, saman med elevar og føresette, er den viktigaste ressursen i skulen. Du jobbar for at skule og SFO skal fungera godt som ein heilskapleg organisasjon, gjennom medskaping på alle nivå. Du ser eigen skule som ein del av Sandnesskolen og bidreg til å utvikla denne vidare.
Sviland skule sin visjon er å vera «Saman om læring og glede», med fokus på trygg, raus og kreativ samhandling. Skulen vår, som ligg i naturskjønne omgivnader i hjartet av Sviland, nokre få kilometer frå Sandnes sentrum. Vi er kjent for å vere ein aktiv og spennande skule, som engasjerer heile bygda. Skulen fekk nybygg i 2021 med gymsal frå 2023, og har alle spesialrom, mykje teknisk utstyr og flott kantine som serverar mat til elevane tre gonger i veka. Av andre kjekke ting som kan nemnast, så er Sviland skule akkreditert som Erasmus+ skule. Sidan 2013 har vi delteke i prosjekt saman med skular rundt i Europa. Skulen og lærarar har motteke fleire prisar for dette arbeidet, med blant anna pris for beste E-twinning prosjekt i Norge dei tre siste åra. Vi er og opptekne av å arbeide systematisk og målretta. For tida arbeider vi hardt med å bli betre på lesing, samt ha systematisk og god uteskule. Det er viktig at ny rektor byggjer videre på desse innsatsområda.
Skulane i Sandnes er organisert som sjølvstendige resultatområder. Rektor har det pedagogiske, administrative, økonomiske og personalmessige ansvaret for skulen innanfor gitte rammer. Rektor rapporterer til kommunalsjef skule og deltek i profesjonelle læringsfellesskap med andre rektorar i Sandnesskulen.
Som rektor i Sandnesskolen står du ikkje aleine, du får oppleva at du er ein del av et leiarlag. I tillegg til skulens egen leiargruppe, blir du ein del av eit dyktig rektorlag som får god oppfølging og har tett dialog med kommunalsjef skule, skoleteamet og dei andre støttesystema (administrative og pedagogiske) i kommunen.
Sandnesskolens visjon er "På LAG for livslang lærelyst" med verdiane verdsetjande, inkluderande og medskapande.
Rektor jobber både strategisk og i drift med typiske arbeidsoppgaver som dette:
- Leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats for læringsutbytet til elevane
- Drive skuleutvikling, samt lede og utvikle strategien og den faglege profilen til skulen
- Sikre god elevmedverknad, samt eit godt samarbeid med føresatte og eksterne samarbeidspartnarar
- Vidareutvikle system for skulebasert vurdering
- Vidareutvikle eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Lede og vidareutvikle profesjonsfellesskapet til skulen
- Lede det pedagogiske utviklingsarbeidet
- Økonomistyring og resultatkontroll samt strategisk bruk av ressursane til skulen
- Bidra til utvikling av Sandnesskulen gjennom profesjonelle læringsfellesskap med leiarar
Til denne jobben leiter vi etter ein rektor med desse kvalifikasjonane
- Du har godkjend lærarutdanning og erfaring frå skuleleiing.
- Det er ynskjeleg med relevant skuleleiarutdanning. Kandidatar utan leiarutdanning kan verte vurderte, men då ynskjer vi at du tek utdanning snleg.
- Du kan vise til gode resultat knytte til utvikling av profesjonelle læringsfellesskap og skuleutvikling.
- Du har nok digital kompetanse til å møte framtida og er nysgjerrig på pedagogisk bruk av digital læringsteknologi.
- Krav om svært gode norskferdigheiter både skriftleg og munnleg.
- Tilfredsstillande politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden, men leverast snarast etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
- I denne stillinga vert det krevd at du leverer eigenerklæring for tuberkulose før tiltreding.
- Vi benytter DNV-sertifisert testverktøy i denne rekrutteringen.
- Legg ved attester og vitnemål i søknaden (lastes inn som vedlegg i Webcruiter).
For å lukkast og trivast hjå oss vil vi gjerne at ny rektor er slik som dette
- Du har eit stort engasjement og glød for skulen
- Du er samlande, trygg og tolmodig
- Du er tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle ledd
- Du involverer og har god gjennomføringsevne
- Du er modig og har ein verddsettande leiarstil overfor både interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Du bør også byggje vidare på det arbeidet som er gjort innanfor skuleutvikling og system som er meinte å varare over tid
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har god relasjonskompetanse
- Elevane ynskjer ein rektor som lyttar og som kan finne på kjekke ting – tek du utfordringa?
- Personleg eignad er mektig i denne stillinga og vil verte vektlagt
I tillegg til dyktige kollegaer og kjekke elevar så tilbyr vi
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Fagleg påfyll gjennom målretta kompetanseutviklingstiltak
- Coaching for nye rektorar
- Leiarutvikling i etablerte nettverk med dyktige skuleleiarar
- Heim-jobb-heim-avtale
- Gratis symjing for alle tilsette i kommunen sine symjehallar
- Bedriftsidrettslag og bedriftskunstforeining
- God arbeidstidsordning
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Hege Egaas Røen, Skolesjef, +47 41293581Hans Skjæveland, Assisterende skolesjef, 98612343
Arbeidssted
Svilandveien 2114308 Sandnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sandnes kommuneReferansenr.: 5208222955
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Hans Skjæveland
Assisterende skolesjef
98612343
Hege Egaas Røen
Skolesjef
+47 41293581
Om bedriften
I Sandnes kommune ser vi framover med glød og optimisme. Vi er i sterk vekst. Vi er unge. Vi søkjer nye løysingar og legg til rette for ei berekraftig utvikling. Vi har òg spennande langsiktige planar for byutvikling og er det geografiske midtpunktet i ein dynamisk region. Det er ikkje tilfeldig at visjonen vår lyder slik ho gjer: Sandnes – i sentrum for framtida.
Sandnes kommune ligg sentralt på Nord-Jæren, er Noregs 11. mest folkerike kommune og er kjenneteikna av mange, varierte kvalitetar. Kommunen består av etablerte storby- og tettstadsområde og er ein av fylket sine største landbrukskommunar. Vi har idrettsmiljø i Noregstoppen, eit yrande kulturliv og friluftsområde for heile regionen. Kommunen har eit aktivt og innovativt næringsliv og ei sterk kulturhistorie. Sandnes er alt dette og meir!
Vi tilbyr dei tilsette våre utfordrande arbeidsplassar der verdiane romsleg, modig og sunn står i fokus. Vi søkjer stadig aktive, engasjerte og sjølvstendige medarbeidarar.
Vi ønskjer å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte til å søkje - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion, etnisitet eller hol i CV-en.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan førast opp på offentleg søkjarliste sjølv om søkjaren har bede om anonymitet, men du vil i så fall få varsel om dette.Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
27fb6404-3661-4d42-bf22-664eaee76cca
- Sist endret
13. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ae379fe834fd48c2b20f220ed15d2e04