Hopp til innhold

Medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud- hals

Arbeidsgiver

 Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud-hals
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Bemanningssenteret har ein stor gruppe med helsepersonell tilsett, våre tilsette jobbar ved ulike avdelingar på sjukehuset. Vi søker etter medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud-hals, Øyre-nase-halsavedlinga. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret i Helse Bergen, men vil gå vakter ved Øyre-nase-halsavedlinga

Arbeidstid: torsdagar frå kl 16:00 til 20:00 ved behov. 

Øyre-nase-hals poliklinikken betener ei svært variert pasientgruppe. Vårt fag inkluderer mange av dei vanlegaste helseplager som finst ute i samfunnet. Det kan vere alt frå biholeplagar, mandlar og polyppar til snorking, håse stemmer, kremting og hoste. Mange har erfart plagar med svimmelheit, øyresus, allergi og tørr munn, eller naseblødingar, skadar og klumpar i hovud-/halsområdet. Dette greier vi ut. 

Hovudoppgåva vil vere preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon ved Øyre-nase-halsavdelinga. Arbeidet vil i hovudsak bestå av telefonkonsultasjonar med føresette/pasient, gjennomgang av sjukehistorie og aktuell indikasjon for operasjon, samt informasjon om inngrepet og praktiske forhold før operasjon, mellom anna fastereglar og medikamentbruk.


Arbeidsoppgåver

  • Telefonkonsultasjonar med føresette/pasient
  • Preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon gjennom telefonkonsultasjon med føresette
  • gjennomgang av sjukehistorie og av nødvendig informasjon før operasjon
  • Ein blir tilkalla ved behov

Kvalifikasjonar

  • Inneha godkjend studentlisens eller legelisens registrert hos helsepersonellregisteret
  • Må vere under relevant medisinsk utdanning
  • Ha grunnleggande IKT-kompetanse og kunnskap om EPJ og andre fagsystem
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Engasjert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingvild Øvstebø Engesæter, Seksjonsleiar hovud-hals, ingvild.ovstebo.engeseter@helse-bergen.no
Linda Greve Iversen, Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret, linda-greve.iversen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5210099758
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 30.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Linda Greve Iversen

Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret

linda-greve.iversen@helse-bergen.no

Ingvild Øvstebø Engesæter

Seksjonsleiar hovud-hals

ingvild.ovstebo.engeseter@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

27edb8a9-b331-4c47-96d7-1046c0f1dda5

Sist endret

16. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3607a63fb0374ff0ad2974659e878d8e

Lignende annonser

Laster lignende annonser