Lærar på Valldal skule
Oppvekst og kultur Fjord kommune, Valldal skule - Fjord kommune
Skulebrauta 48, 6210 Valldal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar på Valldal skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Valldal skule er ein barne- og ungdomsskule i sentrum av Valldal, Fjord kommune. Skulen har ca. 130 elevar frå Valldal, Fjørå, Tafjord og Liabygda. Vi tilbyr også SFO og vaksenopplæring. Skulen har eit sterkt fokus på eit trygt og godt læringsmiljø, og vi arbeider aktivt med programmet MOT for å fremje elevane si trivsel og meistring
Oppstart snarast muleg er ønskeleg. Det kan vere aktuelt å forlenge vikariatet frå hausten av eller at det blir ledig fast stilling som du kan søkje på.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på 1 - 10 årssteg
- Kontinuerlig oppfølging av elevane si læring
- Systematisk utvikling av eiga undervisning
- Tett samarbeid med leiing, kollegaer og føresette
- Delta i skulen sitt utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som grunnskulelærar i 1-7 og/eller 5-10
- Digital kompetanse
- Fjord kommune har nynorsk som målform.
- Skulen har behov for kandidatar med brei undervisningskompetanse
Personlege eigenskapar
- Er målretta og har erfaring frå utviklingsarbeid
- Set elevane si læring og trivsel i sentrum
- Har evne til å motivere og engasjere
- Positiv, samarbeidsvillig og fagleg dyktig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med garantilønn for HTA i KS
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Gode pensjons- og forsikringsordning
- Av lønn trekkes 2 % lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.
Kontaktinformasjon
Hans Øyvind Lyshaug, Rektor Valldal skule, +47 41867841Arbeidsstad
Skulebrauta 486210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommuneReferansenr.: 4929759026
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 17.03.2025
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2877063
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c7f4fb51cb9249888f32d0d30c6b5514