Prosjektkoordinator skulemiljøteam
Tenesteområde Pedagogisk fagsenter, Haram kommune
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektkoordinator skulemiljøteam
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Vil du vere med og styrke arbeidet med trygge og inkluderande skulemiljø i Haram kommune?
Vi utvidar teamet vårt og søkjer ein ny kollega i ei 100 % prosjektstilling over tre år – frå 1. desember 2025 til og med 31. juli 2028 (med mulighet for fast tilsetting)
Gjennom denne satsinga ønskjer vi å vidareutvikle det førebyggjande og systemretta arbeidet i skulane og barnehagane, og samtidig styrke PP-tenesta vår. Vi har allereie dyktige fagpersonar i tenesta, og ser no etter deg som har solid fagleg kompetanse og erfaring frå arbeid med læringsmiljø og skulemiljøsaker – og som ønskjer å bidra inn i eit tverrfagleg og utviklingsorientert fellesskap.
Stillinga vil innehalde oppgåver knytt til både utvikling av skulemiljøteam og ordinære PP-rådgjevaroppgåver. Den endelege utforminga av rolla vil bli tilpassa kompetansen og erfaringa du tek med deg, og vi er opne for å omfordele ressursar internt dersom vi får inn ny og relevant kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Vidareutvikle og halde vedlike kommunen sine system og rutinar for skulemiljøarbeid
- Bidra i krevjande saker knytt til elevar og grupper
- Observere og rettleie i klasse- og gruppedynamikk
- Støtte elevar og tilsette i skulemiljøsaker
- Samarbeide tett med skuleleiarar, lærarar og andre faginstansar
- Vere ein aktiv medspelar i kompetanseheving og heim – skule samarbeid
- Arbeide systemretta på individ-, gruppe- og organisasjonsnivå
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning
- Relevant høgare utdanning, til dømes mastergrad i pedagogikk, spesialpedagogikk, rettleiingspedagogikk eller utdanning knytt til organisasjons- og utviklingsarbeid
- Erfaring frå arbeid i grunnskule blir vektlagt
- Erfaring frå arbeid med å skape trygge relasjonar, handtere konfliktar og nytte pedagogisk analyse i eit systemperspektiv
- Erfaring med kollegarettleiing.
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter
- Avsluttande prøve i norsk (norskprøven) med ferdigheter på minimum B2
- Det blir sett krav til at søkjar har sertifikat og kan stille eigen bil til disposisjon for arbeidsgjevar
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i PDF-format saman med søknaden.
Utanlandske vitnemål må vere godkjende av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir): hkdir.no/utdanning-fra-utlandet.
Utanlandske attestar må vere omsette til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer merksam på at dokumentasjon på mellom anna avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønsansiennitet
Personlege eigenskapar
- Har gode evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- Har sterk relasjonskompetanse og god forståing for pedagogisk analysearbeid
- Er trygg i møte med elevar, føresette og kollegaer
- Er fleksibel, løysingsorientert og god til å motivere andre
- Sterke relasjonelle eigenskapar og stor fagleg truverd i samarbeid med andre
- Evne til å samarbeide på tvers av miljø og nivå
- Fagleg nysgjerrig, raus og ein god samarbeidspartnar
- Strukturert, analytisk og engasjert
- Evne til å skape engasjement og motivasjon
- Søkjarar må oppgje referansar og kunne syne til erfaring frå liknande arbeidsoppgåver.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull rolle der du får bidra til å styrke oppvekstmiljøet for barn og unge
- Moglegheit til å vidareutvikle tenestetilbodet i kommunen
- Eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Samarbeid med dedikerte kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Eit godt sosialt miljø med gode kollegaer
- God rettleiing og oppfølging
- Løn etter gjeldande tariff (HTA)
- Gratis parkering
Kontaktinformasjon
Xenia Heaceaturean-Aas, Tenesteleiar, 90271899, xenia.haceaturean-aas@haram.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5013849090
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 31.05.2028
Søknadsfrist: 28.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
26d698b6-26c1-4de1-bc5a-b0c960959aca
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f317a2c8f2f74b87b879a1a0ca4715ad