Rådgivar - helsepedagogikk og digital tjenesteutvikling
Avdeling for helsekompetanse
Karmsundgata 134, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. desember
Regional kompetanseteneste for helsekompetanse og meistring i Helse Vest er ei nyoppretta kompetanseteneste med tilhaldsstad i Haugesund.
Vi skal bidra til å styrke helsekompetanse og pasienttryggleik innan somatikk, psykisk helsevern og rus i regionen. Gjennom fagutvikling, regionale utviklingsprosjekt og samarbeid på tvers skal vi bidra læring på tvers, redusere uønskt variasjon og motverke sosial ulikheit i helsekompetanse.
No ser vi etter ein rådgivar som vil vere med og vidareutvikle helsekompetanse til pasient- og pårørande på tvers av helseføretaka i Helse Vest. Du vil få ei variert og utviklande rolle, der du mellom anna får vere med på å utvikle og ta i bruk digitale løysingar, styrke den helsepedagogiske kompetansen og legge til rette for godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta, kommunane og brukarorganisasjonane.
Kva går jobben ut på?
- Bidra til utvikling, implementering og spreiing av nye metodar, verktøy og kunnskap innan helsekompetanse, læring og meistring.
- Bidra til samordning av pasient- og pårørandeopplæring på tvers av helseføretaka.
- Rettleie kliniske fagmiljø i integrering av læring og meistring i pasientforløp.
- Delta i regionale samarbeid om utvikling av digitale tilbod til pasientar og pårørande.
- Styrke helsepedagogisk kompetanse blant helsepersonell.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- relevant høgare utdanning innan pedagogikk, helsevitskap, folkehelse, helseinformatikk eller tilsvarande
- erfaring frå spesialisthelsetenesta eller kommunale helse- og omsorgstenester
- erfaring med implementering, endringsleiing og/eller tenesteutvikling
- god digital kompetanse.
Det er ønskeleg at du har:
- kompetanse innan helsepedagogikk og/eller vaksenpedagogikk.
- erfaring med nettverksleiing eller regionalt samarbeid.
- erfaring med prosjekt- eller utviklingsarbeid.
- erfaring med utvikling av e-læring, digitale læringsressursar eller læringsplattformer, og kunnskap om universell utforming og digital tilgjengeleghet.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- arbeider strategisk og heilskapleg
- tek initiativ, ser moglegheiter og får ting gjennomført
- trivst med å bygge nettverk og skape gode samarbeid
- kommuniserer tydeleg og engasjerande
- evnar å omsette fagkunnskap til praktiske løysingar
Kvifor skal du velje oss?
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kjersti Tollaksen, Avdelingsleiar, +47 48 22 21 46, kjersti.tollaksen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1345528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5209145262
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
26851b10-2fcd-469f-8a5d-402b3fb92e1f
- Sist endret
20. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
189a8e7e82c14b179926f11604232d84