Lyst til å jobbe som kokk på Noregs finaste sjukeheim? Kom til oss!
Suldal kommune Suldal sjukeheim
Eidsvegen 1, 4230 Sand, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kokk/ arbeidsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. september
Om stillinga
Link til søknadsskjema: Søk her
Suldal sjukeheim har ledig 100 % fast stilling som kokk/arbeidsleiar ved kjøkken.
Kjøkkenet vårt produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg. Kjøkkenet har drift alle dagar heile året og arbeidar i turnus med arbeid kvar tredje helg. Me har vakter på dagtid og moglegheit for langvakt på helg.
- Stillingsstorleik: 100 %
- Stillingstype: Fast
- Stilling ledig frå: 01.11.2025.
Ved intern omrokkering kan anna stilling bli tilbydd.
Arbeidsoppgåver- Produksjon av alle døgnets måltid til inneliggande pasientar, samt ein del til utbringing
- Reinhald av kjøkken og utstyr
- Anna førefallande arbeid, blant det noko utkøyring av mat
- Me søkjer deg som er utdanna kokk
- Det er ein fordel om ein har erfaring frå institusjonskjøkken og leiing
- Evne til å arbeida sjølvstendig og i team
- Evne til å halda orden og overhalda hygieniske prinsipp
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg
Hos oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedrifthelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nye Suldal sjukeheim får 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heimen til innbyggjarane som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Innan fem år har me mål om å vera sertifisert Livsglede sjukeheim. Å ha gode etiske haldningar og tid til refleksjon er viktig for oss. Me har fokus på gode pasientforløp og jobbar etter «Kva er viktig for deg?» prinsippet. Me yt personsentrert omsorg, og er i ferd med å implementere TID-modellen.
Me har eige kjøkken og vaskeri, og samarbeider tett med helseavdelinga, tildelingskontoret og Suldal heimetenester.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2681bc97-fbf1-4797-8cb1-4e82af1044cc
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3542171_203551_nn