100 % fast stilling som sjukepleiar på Helsetunet
Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 25. september
Ein av våre dyktige sjukepleiarar har søkt seg til nye utfordringar. Vi treng derfor ein ny sjukepleiar med på laget vårt og har ledig 100 % fast stilling.
Stillinga er ledig frå 01.10.2025
Helsetunet består av 20 institusjonsplassar, fordelt på tre avdelingar, med langtids- og korttidsplassar. I tillegg har vi 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustadar for menneske med kognitiv svikt og alderspsykiatri, dette fordelt på to avdelingar. Helsetunet er eit nytt, flott bygg, og vi flytta inn hausten 2023.
Stillingen er turnusarbeid, med arbeid kvar sjette helg, langvakter. Då har du ansvar både ute i hjemmetjenesten og inne på helsetunet. Dette har vi no god erfaring med, og dei som jobbar kvar sjette helg kjenner at dei har meir fri på helg og er fornøgde med ordninga.
Ring oss gjerne for ein uforpliktende prat og omvisning.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, veiledning og oppfuljing av pasientar med, og uten, kognitiv svikt og alderspsykiatriske diagnoser.
- Vere med på å halde fokus på fagutvikling, etisk refleksjon.
- Sørge for flyt i avdelinga.
- Legemiddelhandtering, laboratorieoppgaver, og anna pasientrelatert administrasjon.
- Handtere velferdsteknologiske løysingar
- Bidra til å kvalitetssikre at pasientane sin tilstand blir jamnleg vurdert og evaluert. Vere med på vurderingar for å gi pasientar rett oppfølging og vurdering av evt. endra omsorgsnivå.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Bidra til eit fagleg klima med fokus på tilpassa aktivitet for den enkelte bebuar.
- Veilede studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gyldig politiattest må leverast før oppstart.
- Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg.
- Ynskjeleg med erfaring i arbeid med menneske med kognitiv svikt og alderspsykiatri, men ingen krav.
- Fordel med relevant videreutdanning, men ingen krav
- Kjennskap til pasientjournalsystemet Profil er en fordel
- Førarkort i klasse B
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
- Fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig.
- Evne til å skape framdrift , ta ansvar.
- God arbeidskapasitet, evne til å prioritere arbeidsoppgaver
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit godt fagleg og triveleg arbeidsmiljø
- Regelmessig internundervisning
- God pensjonsordning
- Etisk nettverksfellesskap under arbeid
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles, etter gjeldande lovverk.
- Sjukepleiarar med mindre enn 10 års ansiennitet, blir automatisk lønsplassert med ti års ansiennitet ved tilsetting.
Kontaktinformasjon
Bente Haugen, Tenesteleiar Helsetun, 99690622, bente.haugen@vestre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5014104696
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2661c7d1-b4c4-4473-b51d-5c4318dc8e79
- Hentet fra
talentech
- Referanse
085a7bedd28d40a49c335db9d5e6e89d