Kunderettleiar med hjarte for folk og resultat
TESS Vest as
Sløvåg 2, 5960 Dalsøyra
Om jobben
- Stillingstittel
- Kunderettleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 24. november
TESS veks og søkjer ein engasjert og løysingsorientert kunderettleiar. Hos oss får du høve til å vere ein sentral del av eit dynamisk team som arbeider med spennande produkt og tenester, der service og kvalitet står i høgsetet.
Kva kan vi tilby deg? Hos oss får du:- Personleg og fagleg utvikling: Vi gir deg verktøya du treng for å utvikle deg i eit sterkt teknisk fagmiljø.
- Gode arbeidsvilkår: Konkurransedyktige betingelsar og eit inkluderande arbeidsmiljø der trivsel står i fokus.
- Varierte arbeidsoppgåver: Ingen dag er lik -- du vil jobbe både med kundar og oppfølging.
- Moglegheit til å påverke: Vi set pris på initiativ og gir deg frihet til å finne dei beste løysingane for våre kundar.
Om stillinga:
Vi søkjer ein kunderettleiar til vårt servicesenter i Sløvåg, der du blir ein viktig del av eit dynamisk og fagleg sterkt team. Stillingsprosent inntil 100%.
- Yte god kundeservice, rettleie og gi teknisk hjelp i servicesenteret
- Salg og ekspedering i butikk
- Produksjon av slangar og oppfølging av drift, inkludert produksjon for blant anna havbrukskundar, industrikundar og offshorekundar
- Oppfølging av ordre, lager, varemottak og varepåfylling
- Relevant utdanning (gjerne 3-årig vidaregåande skule eller fagbrev) eller erfaring frå salg, gjerne innan tekniske produkt Teknisk innsikt og interesse er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Du er sjølvstendig, strukturert og engasjert
- Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo
- Du er løysingsorientert og serviceinnstilt
- Du har god teknisk forståing og likar å fikse ting
- Du har stå-på-vilje og tek ansvar
- Du trivst både åleine og saman med andre, og har glimt i auget
Høyrest dette ut som noko for deg? Då gler vi oss til å høyre frå deg! Vi vurderer søknader fortløpande.
Om bedriften
Som bransjeleiar skapar vi nye arbeidsplassar og utviklar våre tilsette i tråd med tida. Vi er kontinuerleg på jakt etter engasjerte medarbeidarar som bidreg til vekst av konsernet. TESS er landets største leverandør av drifts- og vedlikehalds- produkt, og har forma slangebransjen i over eit halvt århundre. Våre tilsette jobbar med alt frå sal og logistikk, til produksjon og engineering. Markedssegmenta vi prioriterar er offshore, havbruk, entreprenør, industri og offentleg.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
265a9b2f-1c8d-4d17-bb5a-7b915976e9fe
- Sist endret
28. oktober 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
479616600